Folkeaksjonen mot Bompengar
Folkeaksjonen mot Bompengar (Folkeaksjonen mot Bompenger) var ei liste som stilte til val i Rogaland ved stortingsvalet 2001. Listetoppen var Kjell Steen frå Stavanger. Liste fekk 692 røyster, som utgjorde 0,3 % av røystene i Rogaland. Kjell Steen var ved stortingsvalet 2005 toppkandidat på Reformpartiet si liste i Rogaland, og hadde òg med seg fleire av dei andre frå Folkeaksjonen mot Bompengar si liste der.