Folkehøgskolen Sørlandet
Folkehøgskolen Sørlandet er ein kristen folkehøgskole på Birkeland i Birkenes kommune i Agder fylke. Skulen tek årleg imot vel 120 elevar og er eigd av Normisjon, Indremisjonsforbundet og Norges KFUK-KFUM.
Linjefag ved skulen er:
- Barn og Ungdom
- Bil og Mekk
- Data Media
- Fotball Plus
- Globalt Fokus
- Helse og Velvære
- Internasjonal linje - Språk (International Course)
- Multi Sport
- Musikk Live
Historikk
endreFolkehøgskolen Sørlandet vart starta opp under namnet Sørlandets Kristelige Ungdomskole i 1912 av fire misjonsorganisasjonar, Indremisjonskretsene for Landsindremisjonen og Vestlandske indremisjonsforbund, Agder krets av Norges kristelige ungdomsforbund og Sørlandets kristelige ungdomsforening.
På 1970-talet skifta skulen namn til Birkeland Folkehøgskole og 1. januar 2010 endra skulen namnet til Folkehøgskolen Sørlandet.
Kjelde
endre- Denne artikkelen byggjer på «Folkehøgskolen Sørlandet» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2011.