Folkerøysting
Ei folkerøysting eller folkeavstemming er eit val der dei røysteføre til vanleg stemmer ja eller nei til klart definerte spørsmål.
Folkerøystingar kan vere lokale eller nasjonale. I lokale røystingar har temaet i Noreg oftast vore knytt til sal av alkohol. Dei nasjonale folkeavstemmingane har i Noreg dreia seg om ja eller nei til oppløysing av unionen med Sverige i 1905, ja eller nei til kongedøme i 1905, ja eller nei til forbod mot sal av brennevin og sterkvin i 1919 og 1926, og ja eller nei til norsk medlemskap i EU i 1972 og 1994.