Den europeiske unionen

økonomisk og politisk union som består av 27 (hovudsakleg) europeiske medlemsland
(Omdirigert frå EU)
Den europeiske unionen

Det europeiske flagget
Det europeiske flagget

Motto: In varietate concordia
(latin: Sameint i ulikskap)
Nasjonalsong: «An die Freude»
Offisielle språk Sjå dei offisielle språka til EU
Presidentskap for rådet for den Europeiske unionen Kypros
President for Europakommisjonen José Manuel Durão Barroso
President for Europaparlamentet Josep Borrell
Areal
 - Totalt
Rangering 8
3,892,685 km2 (EU 25)
Folketal
 - Totalt (2004)
 - Folketettleik
Rangering 3
453 300 000 (EU 25)
116,4 innb/km²
BNP (2004)
 - Totalt
 - Per capita
Rangering 2
€10,202,336,800,000
€22,300
Grunnlagd
Som EEC
 - Signering
 - Ikraftsett

Som EU
 - Signering
 - Ikraftsetting


Romapakten
 - 25. mars 1957
 - 1. januar 1958

Maastricht-traktaten
 - 7. februar 1992
 - 1. november 1993

Valuta Euro (EUR eller €)
Unionsdag 9. mai (Europadagen)
Tidssone UTC 0 til +2
Toppdomene .eu (i bruk frå 2005); andre nivå .eu.int i bruk

Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar. Den vart etablert etter ei underteikning av representatar frå De europeiske fellesskapene (EF) i byen Maastricht i Nederland, nemleg Maastricht-traktaten. Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande frå 1. mars 2003.

EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og går attende til den tysk-franske kol- og stålunionen frå 1950. Leiande personar i dette miljøet var pådrivarar for ein politisk prosess som førte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.

Historie endre

 

Organisasjonen vart grunnlagd under namnet Det europeiske kol- og stålfellesskapet. Tanken var at ein ved å samarbeide om desse nøkkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske økonomiske fellesskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).

I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle gå inn i EU. Både i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap.

Den europeiske unionen fekk i 2012 Nobels fredspris.[1]

Organisering endre

 
Frå Europaparlamentet i Strasbourg.

EU har fem institusjonar:

I tillegg kjem fem viktige organ:

EUs tre søyler endre

EU byggjer på tre hovudområde, kalla søyler:

  • 1. søyle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som går inn under den indre marknaden. Europakommisjonen førebur saker, set dei ut i livet når vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er øvste domsinstans.
  • 2. søyle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
  • 3. søyle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.

Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre søylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre søylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad på vegner av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, må medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til å forplikte dei. Organa som kan opptre utad på vegner av medlemsstatane og til å gje reglar som er bindande for dei, høyrer til Det europeiske fellesskap, dvs. den første «søyla» i samarbeidet.

Medlemsland endre

År Land Areal (km²) Innbyggarar (2011) Hovudstad Valuta
1957   Belgia 30 528 10 431 477 Brussel Euro
1957   Frankrike 674 843 65 821 885 Paris Euro
1957   Vest-Tyskland[1] 357 022 81 471 834 Berlin Euro
1957   Italia 301 340 61 016 804 Roma Euro
1957   Luxembourg 2 586 503 302 Luxembourg Euro
1957   Nederland 41 543 16 847 007 Amsterdam Euro
1973   Danmark 43 094 5 529 888 København Dansk krone
1973   Irland 70 273 4 670 976 Dublin Euro
1981   Hellas 131 957 10 760 136 Athen Euro
1986   Portugal 92 090 10 760 305 Lisboa Euro
1986   Spania 505 370 46 754 784 Madrid Euro
1995   Austerrike 83 871 8 217 280 Wien Euro
1995   Finland 338 145 5 259 250 Helsingfors Euro
1995   Sverige 450 295 9 088 728 Stockholm Svensk krona
2004   Republikken Kypros 9 251 1 120 489 Levkosía Euro
2004   Tsjekkia 78 867 10 190 213 Praha Tsjekkisk koruna
2004   Estland 45 228 1 282 963 Tallinn Euro
2004   Ungarn 93 028 9 976 062 Budapest Forint
2004   Latvia 64 589 2 204 708 Riga Euro
2004   Litauen 65 300 3 535 547 Vilnius Euro
2004   Malta 316 408 333 Valletta Euro
2004   Polen 312 685 38 441 588 Warszawa Polsk złoty
2004   Slovakia 49 035 5 477 038 Bratislava Euro
2004   Slovenia 20 273 2 000 092 Ljubljana Euro
2007   Bulgaria 110 879 7 093 635 Sofia Bulgarsk lev
2007   Romania 238 391 21 904 551 Bucureşti Rumensk leu
2013   Kroatia 56 594 4 284 889 Zagreb Euro
Totalt   Den europeiske unionen 4 511 003 507 752 126

Kandidatar endre

Nord-Makedonia, Montenegro og Island er offisielle søkarland. Tyrkia har forhandla om eit eventuelt medlemskap heilt sidan 1987, men det har ikkje vore så stor framdrifta. Det er mange grunnar til dette, både politiske og økonomiske. Dei politiske grunnane er i stor grad relaterte til manglande demokratiske rettar i Tyrkia og til striden med den kurdiske folkesetnaden.

Noreg sitt tilhøve til EU endre

Noreg er ikkje medlem av EU. I to folkerøystingar, den fyrste i 1972 og den andre i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap. Begge røystingane førte til ei splitting av opinionen, der eksportretta industri gjekk inn for norsk medlemskap i EU medan særleg representantane for landbruksnæringa var imot. Store delar av den kulturelle, økonomiske og politiske eliten var for medlemskap. Dei fleste avisene var for. Denne debatten viste ei elite som var i utakt med fleirtalet av folket. Motkulturane har svekka seg, men i denne saka kom dei fram igjen. Det var også regionale skilnader. Mange av dei politiske partia er splitta i synet på norsk EU-medlemskap, noko som har ført til at saka i dag ikkje er på den politiske dagsorden. Ja-sida sitt argument var, at Noreg skulle verte medlem, for å kunne påverke europeisk politikk, medan nei-sida frykta redusert norsk sjølvstyre ved ein medlemskap. Noreg sitt medlemskap i EFTA kan på mange måtar sjåast på som eit kompromiss mellom fullt EU-medlemskap og det å stå heilt utanfor det europeiske samarbeidet[treng kjelde]. Etter røystinga i 1972, så vart det underskriven ein frihandelsavtale mellom EFTA og EEC, som EU heite då. Den avtalen vart seinare erstatta av EØS-avtalen. Thorbjørn Jagland var ein sentral politikar på 1990-talet. Han vart seinare leiar for nobelkomiteen, som gav Nobels Fredspris til EU i 2012 for organisasjonen sitt arbeid for fred, forsoning, demokrati og utvikling i Europa. På grunn av Noreg sitt tilhøve til EU, så var dette ei omstridd tildeling[treng kjelde].


Andre relevante artiklar endre

Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den europeiske unionen