Folkerepublikken Zanzibar
Folkerepublikken Zanzibar var ein kortliva sjølvstendig stat i Aust-Afrika som fanst frå januar til april 1964. Staten vart oppretta då revolusjonen på Zanzibar avslutta Sultanatet Zanzibar, og eksisterte berre i tre og ein halv månad før staten vart slegen saman med nabolandet Tanganyika og danna den nye staten Den sameinte republikken Tanganyika og Zanzibar, som skifta namn til Tanzania seinare same år. Namnet «Tanzania» kjem frå Tanganyika og Zanzibar. Abeid Karume var president i kraft av å vere leiar av revolusjonsrådet på Zanzibar, og heldt fram som president på Zanzibar òg etter samanslåinga.[1]
Folkerepublikken Zanzibar | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hovudstad | Zanzibar by | |||
Religion | Islam | |||
Styreform | Republikk | |||
President | ||||
- 1964 | Abeid Karume | |||
Historie | ||||
- Revolusjonen på Zanzibar | 12. januar 1964 | |||
- Slege saman med Tanganyika | 26. april 1964 | |||
I dag ein del av | Tanzania |
Referansar
endre- ↑ «United Republic of Tanzania: Union of Tanganyika and Zanzibar Act, 1964» (på engelsk). WIPO. Henta 26. april 2017.