Folketru er førestillingar, opplevingar, konklusjonar, skildringar og skikkar som ikkje samsvarer med det som vert ålment godteke innanfor ein religion, eller som ikkje vert godteke etter aksepterte vitskaplege metodar. Folketru vert òg kalla overtru, ei nemning som mest vert nytta i ei nedsetjande tyding, og difor ikkje har plass i moderne vitskaplege studiar og skildringar av fenomenet.

Folketru gjeld gjerne viktige ting knytt til livet, arbeidstilhøva eller ein stad, ikkje minst i slike høve der det er knytt noko risikofylt eller utrygt til situasjonen. Skikkar og førestillingar som kan karakteriserast som overtru er soleis ofte knytt til høgtider som fødsel, dåp, giftarmål, sjukdom, død og til tida etter døden, eller til stader som til dømes kyrkjer og kyrkjegardar, vegkryss, eller til slike framtoningar i naturen som skil seg ut på ein eller annan urovekkande måte. Folketru kan soleis til dømes vera at ein meiner det finst vette, nissar, troll eller englar, at talet 13 bringar ulukke, at ein viss gjenstand som ein blyant eller ei skjorte bringer lukke, at ein kan skremma vekk vilt eller fisk om ein nemner dei ved namn, eller at ein kan sjå på magen til ei svanger kvinne om ho venter gut eller jente.

Somme fenomen innan folketrua kan vere kjende og meir eller mindre godteke av alle i eit samfunn, utan at alle og ein kvar naudsynleg trur på alvor at fenomenet er sant, slikt som til dømes at det gjev lukke å finne ein firkløver, og ulukke om ei svart katte kryssar vegen framfor ein.

Bakgrunnsstoff endre