Ein engel er i jødisk, kristen og islamsk tradisjon Guds tenarar og bodbringarar. Både det hebraiske ordet mal'akh (hebraisk מלאך) og det greske ordet angelos (gresk άγγελος) tyder sendebod. Når det i Bibelen er skrive om sendebod frå åndeverda, så vert desse orda omsett med 'engel'. Bibelen skildrar englane som individuelle personar med sin eigen personlegdom.

Bodskapen viser engelen som kjem med bodskapen om Jesu fødsel til Jomfru Maria. Bilete av Fra Angelico i St. Marcoklosteret i Firenze i Italia
Ein faravahar, eller vernande ånd, frå parsismen, framstilt som ein mann med venger. Desse kan ha vore førebilete for englane i Bibelen.
«Jakob slåst med engelen», ei historie henta frå fyrste mosebok. Måleri av Gustave Doré, 1855

Læra om englar utvikla seg i jødedommen i tida etter eksilet i Babylon. Omtalen av englane syner trekk frå gamle religionar i Det nære austen; i mesopotansk tru dyrka dei andevesen med vingar. Englane fekk spele ei stor rolle i jødedommen og i den tidlege kristendommen på grunn av gudssynet: Dels meinte folk at Gud var ein fjern Gud, og dei trong englane som bodbringarar mellom Gud og menneske. Dels meinte folk at dei sjølve ikkje var verdige til å tale med Gud, men måtte bruke englar for å tale for seg.

Innan den katolske kyrkja vart englekulten i seinmellomalderen fortrengt av helgenkulten. Protestantiske kyrkjer som har forkasta trua på helgenar, avviser ikkje trua på englar. Martin Luther opplevde seg verna av englar då han utfordra pavekyrkja og vart forfølgd gav motstandarane sine.

Englar i Bibelen endre

Bibelen gjev berre namnet på to englar — engelen Gabriel og erkeengelen Mikael. Dei apokryfe skriftene nemner dessutan Rafael og Uriel. Det finst kristen tradisjon for å rekne desse fire som erkeenglar. Men dei fleste gongane englar er omtalte i Bibelen er dei ikkje nemnde med namn. Det kan ha samanheng med at namngjeving av englar vil vere å syne dei utilbørleg ære, i strid med det første bodordet: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.»

I tillegg til erkeengelen og skarane av englar nemner Bibelen serafar og kjerubar. I mellomalderen vart desse englane sett inn i eit hierarki etter rang og oppgåver. I tilknyting til dette var det mykje spekulasjon og kontroversar om detaljar.

Utsjånad og evnar endre

 
Frederic Leighton Profeten Elia og ein engel

Engang sa Herren til englene, «Jeg vil sette en forvalter på jorden».
De svarte, «Vil du innsette en som lager ufred og blodsutgydelse,
- mens vi, vi lovsynger Din pris og Din hellighet?»
Sa Gud, «Jeg vet hva dere ikke vet.»
Og han lærte Adam alle (tings) navn - viste dem derpå for englene, og sa,
«Si Meg disses navn, om dere skal være ærlige.»
De svarte, «Priset være Du, - vi vet ikke annet enn det Du har lært oss!
Det er du som vet, - er vis.

Koranen 2:28-30 oms. av Einar Berg, 1989

Når Bibelen fortel om at alminnelege englar har vore i kontakt med menneske, så har englane somme gonger sett ut som menneska (f.eks. Dom. 13:16 der Manoah ikkje visste at han snakka med ein engel), mens i andre tilfelle oppdaga dei med ein gong at det var englar. Dette viser at de kan endre utsjånad eller utstråling når dei skal gjere seg synlege for menneske.

Det at englane vert framstilte med venger, føter, andlet, hender og liknande kan sjåast som symbolsk omtale som gjenspeglar dei evnene og oppgåvene som englane har. Englane har ein usynleg, «åndeleg kropp» (1. Kor. 15:44).

I følgje forteljingane i det gamle testamentet har englane større krefter og sannsynlegvis større mental kapasitet enn menneska. Éin enkelt engel tok livet av 185 000 soldatar i den assyriske hæren (2. Kg. 19:35). Dei kan flytte seg raskt - som ein gong Daniel bad ei bøn, sende Gud ein engel for å gje han svar, og engelen var framme før Daniel hadde avslutta bøna (Dan. 9:20-23).

Sjølv om dei har store evnar, er dei ikkje allvetande. Jesus seier i Mat. 24:36 at dei ikkje visste «dagen og timen» for ein profetisk bodskap; og i 1. Pet. 1:12 står det om ein bodskap «som til og med englar lengtar etter å sjå inn i».

Satan og englane hans endre

Johannes’ openberring fortel også om då englane starta eit opprør mot Gud. Denne engelen, som fekk namnet Satan (Djevelen) (som tyder ‘motstandar, baktaler’), fekk fleire englar med seg i dette opprøret (Op. 12:7-9): «Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine, men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han.»

 
Giottos gråtande engel frå Arenakapellet i Padua

Tilbeding av englar endre

Det er tydelegvis gale av englane å bli tilbedne, og på den måten ta merksemd bort frå Gud. I Johannes’ openberring 22:8,9 fortel Johannes: «Eg, Johannes, er den som høyrde og såg alt dette. Då eg hadde høyrt og sett det, kasta eg meg ned for føtene til den engelen som hadde synt meg dette, og ville tilbe han. Men han sa til meg: ‘Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, profetane, og dei som tek vare på orda i denne boka. Gud skal du tilbe!’»

Martin Luther avviste tanken om at englane var eit middel for menneske til å nå Gud, sjølv om han såg på englar som bodbringarar frå Gud. Berre Gud skulle vi tilbe, meinte Luther.

Englar innan islam endre

 
Ottomansk framstilling frå 1595 av Muhammad som marsjerer mot Mekka omkransa av englar.

Trua på englar er sentral i islam. Koranen vart diktert for Muhammed av herskaren blant englane, Djibril (Gabriel). Englar er i islam velvillige vesen, skapte av lys, som ikkje har nokon fri vilje, men berre eksisterer for å dyrke og tena Gud (Allah) og vere sendebod for han. Ein legg vekt på at englane er kjønnslause. Blant oppgåvene deira er å skrive ned alle handlingane til menneska, å gje kvart nyfødt barn ei sjel og å hente sjela når ein person døyr. Englane er svært vakre, har to eller fleire venger og kan ta menneskeleg ham, men berre i utsjånaden.

Islams djevel, Ibliis, var blant englane, men nekta å lyde Gud då han baud englane falle ned for Adam. Istaden gjorde han så menneska glei ut og vart jaga frå hagen dei budde i (Koranen 2:32f). - Sidan Ibliis hadde fri vilje og fornekta Gud, kan han ikkje ha vore ein engel, når englar ikkje kan synde.

Englar i moderne folketru endre

 
Måleriet 'Såra engel' frå 1903 av den finske kunstnaren Hugo Simberg er eit av talrike kunst- og kulturuttrykk som leiker med engleomgrepet og den folkelege trua på engler. Biletet vart kåra til Finlands «nasjonalmaleri» i 2006.

Englar blir oppfatta som romantiske og har i moderne tid appell som kontrast til ei teknisk verd. Også blant teologar har interessa for englar som religiøse vesen vakse fram. Englebiletet gjev menneske moglegheit til å uttrykke eigne religiøse røynsler. Englane sameinar ei fjern, uhandgripleg guddommeleg verd med den jordiske verda.

Mange menneske kan fortelje om møte med englar. Englane har sin plass i folkeleg religionsutøving, og har på mange vis teke plassen frå vetta i den gamle folketrua. Dei folkelege englane har til oppgåve å passe på menneska, jf. uttrykket «å ha englevakt».

Naar jeg lægger mig til Hvile,
Tretten Engle om mig staae:
Tvende ved min Højre smile,
Tvende til min Venstre gaae,
To paa Vagt ved Hovedpuden,
To ved Foden desforuden,
To mig dække,
To mig vække,
En mig viser
alle Himlens Paradiser.

 

Kjelder endre

Artikkelen byggjer på tilsvarande artikkel på bokmålswikipediaen, noko nedkorta og suplert med litt om islam frå svensk wikipedia og litt om folkeleg engletru frå andre kjelder.

Litteratur endre

På nettet endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Engel
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Engel