Opna hovudmenyen
Emblem til Folkets frigjeringshær

Folkets frigjeringshær er nemninga på dei væpna styrkane til Folkerepublikken Kina og det rådande partiet i riket, Kinas kommunistparti. Folkets frigjeringshær består av fem våpengreiner; Hæren, Marinen, Flyvåpenet, Rakettvåpenet og Strategisk hjelpestyrke. Styrkane i landet fordelar seg over fem ulike geografiske einingar. Folkets frigjeringshær er verdas største militære styrke, basert på det nest høgste forsvarsbudsjettet i verda.

Folkets frigjeringshær vert leia av det sentrale militærrådet. Frigjeringshæren og rådet er formelt sett underlagt prinsippet om sivil kontroll, men i praksis vert prinsippet gjennomført på eimn måte som sikrar kommunistpartiet full kontroll over styrkane. Øvstkommanderande er formannen i det sentrale militærådet, oftast generalsekretæren i Kinas kommunistparti.

KjelderEndra