Fonologi i prærie-cree-språket
Denne framstillinga av fonologien i prærie-cree-språket beskriv stavings-struktur, vokalar, konsonantar og konsonant-grupper.
Stavingsstruktur
endrePrærie-cree har desse seks stavings-typane, der C = einskild-konsonant, V = kort eller lang vokal:
|
|
|
|
Stavingstype 1 og 2, som manglar opptakt, finst berre i framlyd (dvs. fremst i ord), slik at vokalane i to stavingar som fylgjer rett etter einannen, alltid er skilde med éin eller to konsonantar. Stavingstype 5 og 8, med to konsonantar i koda, finst berre i utlyd (dvs. i slutten av ord). Her er nokre døme på ulike stavings-typar, der stavingsgrenser er markerte med eit punktum:
- V.CVC a.tim 'hund'
- CV.CVC.CVC pi.mih.kān 'pemmikan'
- V.CVCC a.misk 'bever'
- VC.CCV.CVC os.pwā.kan 'pipe'
- CCVC.CV.CVC kwah.ko.tēw 'det står i brann'
Vokalar
endrePrærie-cree har tre korte og fire lange vokal-fonem; vokallengd er markert ortografisk med ein makron over vokal-symbolet:
- Vokalar
Fremre urunda | Sentral urunda | Bakre runda | |
Trong | i ī | ||
---|---|---|---|
Midtre | ē | o ō | |
Open | a ā |
Av di det ikkje finst nokon kort e, er det vanleg å utelate makronen på ē. I denne artikkelen tek vi makronen med også på ē.
Konsonantar
endreSpråket har ti konsonant-fonem, som her er attgjevne ortografisk:
- Konsonantar
Labial | Alveolar | Postalveolar | Palatal | Velar | Glottal | |
Plosiv/affrikat | p | t | c | k | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Frikativ | s | h | ||||
Nasal | m | n | ||||
Halvvokal | w | y |
Plosivane og affrikatane p t c k er stemde mellom vokalar og mellom ein vokal og ein halvvokal, og ustemde elles. C blir uttala [ʧ] eller [ʦ] når han er ustemd og [ʤ] eller [ʣ] når han er stemd, som vist i desse døma:
p | t | c | k | |
I framlyd (fyrst i ord) |
pahki 'delvis' [pahki] |
tahki 'heile tida' [tahki] |
||
---|---|---|---|---|
Mellom vokalar og mellom vokal og halvvokal |
wāpamēw 'han ser han' [waːbameːw] |
atim 'hund' [adim] |
||
Etter frikativ | ospwākan 'pipe' [ospwaːgan] |
|||
I utlyd (sist i ord) |
nīsosāp 'tolv' [niːsosaːp] |
mihcēt 'mange' [mihʧeːt] |