Frikativ
Ein frikativ er ein konsonant som er kjenneteikna ved at lufta blir hindra når ho kjem ut via taleorgana, men ikkje hindra så mykje at ho blir stoppa. Frikativar i norsk er labiodentalen /f/, laminalalveolaren /s/, retrofleksen /ʂ/, dorsal-palatalen /ç/ og glottalen /h/.
Stemde frikativar er ikkje vanlege i norsk. Engelsk har labiodentalen /v/, laminal-dentalen /ð/, laminal-alveolaren /z/ og laminal-postalveolaren /ʒ/, medan den norske "v-lyden" oftast blir uttala som approksimanten /ʋ/.
Frikativar og plosivar blir med ei felles nemning kalla obstruentar.