For en neve dollars
For en neve dollars (originaltittel Per un pugno di dollari) er ein italiensk westernfilm frå 1964 regissert av Sergio Leone. Dette var hans andre sjølvstendige spelefilm, og blir rekna som den første spaghettiwestern-filmen. Hovudrolla blir spelt av Clint Eastwood.
Regi | Sergio Leone, Monte Hellman, Sergio Leone | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Franco Palaggi | ||
Produsent(ar) | Arrigo Colombo, Giorgio Papi | ||
Manus | Duccio Tessari, Fernando Di Leo, Sergio Leone | ||
Basert på | Livvakten, Red Harvest | ||
Medverkande | Clint Eastwood, Gian Maria Volonté, Marianne Koch, José Calvo, Josef Egger, Antonio Prieto, Sieghardt Rupp, Wolfgang Lukschy, Margarita Lozano, Bruno Carotenuto, Mario Brega, Daniel Martín, Benito Stefanelli, Frank Braña, Aldo Sambrell, Lorenzo Robledo, Antonio Molino Rojo, Fernando Sánchez Polack, José Canalejas, Álvaro de Luna, José Orjas, Nosher Powell, José Riesgo, Umberto Spadaro, Antonio Vico Camarero | ||
Klipp | Roberto Cinquini | ||
Musikk | Ennio Morricone | ||
Sjeffotograf | Massimo Dallamano | ||
Produksjonsselskap | Constantin Film | ||
Distributør | MOKÉP | ||
Utgjevingsdato | 20. oktober 1964 (Italia), 1964, 5. mars 1965 (Tyskland)[1] | ||
Lengd | 100 minutt | ||
Opphavsland | Italia, Spania, Tyskland, USA, Vest-Tyskland | ||
Språk | italiensk, engelsk | ||
Inntening | 3 500 000 US-dollar | ||
Sjanger | Spaghetti-western, westernfilm |
Den valdelege og biletsterke filmen byggjer på Akira Kurosawa sin japanske samuraifilm Yojimbo frå 1961, og utgjer den første filmen i ein trilogi som elles består av For noen få dollar mer frå 1965 og Den gode, den onde og den grusomme frå 1966.
For en neve dollars vart det kommersielle gjennombrotet til Leone, og gjorde samstundes den unge amerikanaren Clint Eastwood, som spelte hovudrolla som den tøffe, lakoniske, namlause antihelten, til verdsstjerne.[2] På tilsvarande måte fekk filmkomponisten Ennio Morricone den første internasjonale suksessen sin med slåande og stilskapande musikk.
Handling
endreEin einsam namnlaus ryttar (spelt av Clint Eastwood) kjem fram til den vesle meksikanske byen San Miguel nær grensa til Arizona i 1872. Det er dødsstille i byen, men eit barn spring tvers over gata og ropar på mora si. Det er ei spent og mystisk stemning, og snart blir det klårt at dette skuldast to brutale bandar som held byen i eit jerngrep. Rolla til Eastwood blir snart innblanda i rivaliseringa og vel å ta opp kampen ved å spele bandane ut mot kvarandre.
Om filmen
endreFilmen representerte på mange måtar eit vegskilje for western-sjangeren. Han skilde seg først og fram ut med brutaliteten sin, og hensiktane og moralen til helten var ikkje eigna å etterfølgje. Det var ikkje lenger så tydeleg kven dei gode og dei vonde var, slik som i tradisjonelle amerikanske westernfilmar.[3]
Det meste av filmen vart spelt inn i Andalucía i Spania.
- Kritikarane
Filmen vart særs godt motteke av kritikarane, noko som blir gjenspegla i at han har fått 98% på Rotten Tomatoes.[4]
Aftenposten sin kritikar skreiv: «Det er lenge sidan vi har sett ein western som er ladd med så fortetta dramatikk». Han gav òg ros til rolletolkinga til Eastwood.[5] Kritikaren på nettstaden CINERAMA gav han terningkast seks i 2005 og skreiv: «Alt i alt, så må ein berre gje seg ende over og nyte denne flotte filmen frå ende til annan».[6]
- Publikum
Filmen har i alt spelt inn 11 millionar dollar på kino i USA, ca. 14 millionar dollar i Italia (1964–71) og ca. 7 millionar dollar i Spania. Han vart sett av 3,3 millionar i Spania.[7]
- I Noreg
Filmen vart i første omgangen forbode i Noreg, men etter ein del klipp vart han tillate. Først vart ca. 200 meter klipte vekk av distributøren, sidan vart ytterlegare 80-90 meter klipt vekk av Statens Filmkontroll.[8]
Rollebesetning
endre- Clint Eastwood : Joe
- Marianne Koch : Marisol
- Wolfgang Lukschy : John Baxter
- José Calvo : Silvanito
- Gian Maria Volontè : Ramón Rojo
- Sieghardt Rupp : Esteban Rojo
- Antonio Prieto : Don Miguel Rojo
- Margarita Lozano: Consuelo Baxter
- Josef Egger : Piripero
- Daniel Martín : Julián
- Bruno Carotenuto : Antonio Baxter
- Benito Stefanelli : Rubio
- Mario Brega : Chico
Sjå og
endreLitteratur
endre- Hughes, Howard (2009). Aim for the Heart. London: I.B. Tauris. ISBN 9781845119027.
- Munn, Michael (1992). Clint Eastwood: Hollywood's Loner. London: Robson Books. ISBN 086051790x Check
|isbn=
value: invalid character (hjelp).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «For en neve dollar» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317
- ↑ Dagbladet Film
- ↑ Aftenposten morgon – Guttedrømmene oppfyllast når helten ryddar opp (5.5.1969, s.4)
- ↑ Rotten Tomatoes
- ↑ Aftenposten morgon – God western (11.4.1967, s.8)
- ↑ sine-more CINERAMA (20.4.2005), arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 21. november 2012
- ↑ IMDb Business
- ↑ Aftenposten aften – USA er bekymret for de økende voldstendenser i film (9.9.1967, s.7)
Bakgrunnsstoff
endre- For en neve dollars ved IMDb
- (en) For en neve dollars hos allmovie
- Omtale ved Bergen filmklubb Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.