For en neve dollars

For en neve dollars (originaltittel Per un pugno di dollari) er ein italiensk westernfilm frå 1964 regissert av Sergio Leone. Dette var hans andre sjølvstendige spelefilm, og blir rekna som den første spaghettiwestern-filmen. Hovudrolla blir spelt av Clint Eastwood.

Per un pugno di dollari
Norsk tittel: For en neve dollars
RegiSergio Leone, Monte Hellman, Sergio Leone Sjå dette på Wikidata
Forfattar(ar)Franco Palaggi Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Arrigo Colombo, Giorgio Papi Sjå dette på Wikidata
ManusDuccio Tessari, Fernando Di Leo, Sergio Leone Sjå dette på Wikidata
Basert påLivvakten, Red Harvest Sjå dette på Wikidata
MedverkandeClint Eastwood, Gian Maria Volonté, Marianne Koch, José Calvo, Josef Egger, Antonio Prieto, Sieghardt Rupp, Wolfgang Lukschy, Margarita Lozano, Bruno Carotenuto, Mario Brega, Daniel Martín, Benito Stefanelli, Frank Braña, Aldo Sambrell, Lorenzo Robledo, Antonio Molino Rojo, Fernando Sánchez Polack, José Canalejas, Álvaro de Luna, José Orjas, Nosher Powell, José Riesgo, Umberto Spadaro, Antonio Vico Camarero Sjå dette på Wikidata
KlippRoberto Cinquini Sjå dette på Wikidata
MusikkEnnio Morricone Sjå dette på Wikidata
SjeffotografMassimo Dallamano Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapConstantin Film Sjå dette på Wikidata
DistributørMOKÉP Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato20. oktober 1964 (Italia), 1964, 5. mars 1965 (Tyskland)[1]
Lengd100 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandItalia, Spania, Tyskland, USA, Vest-Tyskland Sjå dette på Wikidata
Språkitaliensk, engelsk
Inntening3 500 000 US-dollar
SjangerSpaghetti-western, westernfilm Sjå dette på Wikidata

Den valdelege og biletsterke filmen byggjer på Akira Kurosawa sin japanske samuraifilm Yojimbo frå 1961, og utgjer den første filmen i ein trilogi som elles består av For noen få dollar mer frå 1965 og Den gode, den onde og den grusomme frå 1966.

For en neve dollars vart det kommersielle gjennombrotet til Leone, og gjorde samstundes den unge amerikanaren Clint Eastwood, som spelte hovudrolla som den tøffe, lakoniske, namlause antihelten, til verdsstjerne.[2] På tilsvarande måte fekk filmkomponisten Ennio Morricone den første internasjonale suksessen sin med slåande og stilskapande musikk.

Handling

endre

Ein einsam namnlaus ryttar (spelt av Clint Eastwood) kjem fram til den vesle meksikanske byen San Miguel nær grensa til Arizona i 1872. Det er dødsstille i byen, men eit barn spring tvers over gata og ropar på mora si. Det er ei spent og mystisk stemning, og snart blir det klårt at dette skuldast to brutale bandar som held byen i eit jerngrep. Rolla til Eastwood blir snart innblanda i rivaliseringa og vel å ta opp kampen ved å spele bandane ut mot kvarandre.

Om filmen

endre

Filmen representerte på mange måtar eit vegskilje for western-sjangeren. Han skilde seg først og fram ut med brutaliteten sin, og hensiktane og moralen til helten var ikkje eigna å etterfølgje. Det var ikkje lenger så tydeleg kven dei gode og dei vonde var, slik som i tradisjonelle amerikanske westernfilmar.[3]

Det meste av filmen vart spelt inn i Andalucía i Spania.

Kritikarane

Filmen vart særs godt motteke av kritikarane, noko som blir gjenspegla i at han har fått 98% på Rotten Tomatoes.[4]

Aftenposten sin kritikar skreiv: «Det er lenge sidan vi har sett ein western som er ladd med så fortetta dramatikk». Han gav òg ros til rolletolkinga til Eastwood.[5] Kritikaren på nettstaden CINERAMA gav han terningkast seks i 2005 og skreiv: «Alt i alt, så må ein berre gje seg ende over og nyte denne flotte filmen frå ende til annan».[6]

Publikum

Filmen har i alt spelt inn 11 millionar dollar på kino i USA, ca. 14 millionar dollar i Italia (1964–71) og ca. 7 millionar dollar i Spania. Han vart sett av 3,3 millionar i Spania.[7]

I Noreg

Filmen vart i første omgangen forbode i Noreg, men etter ein del klipp vart han tillate. Først vart ca. 200 meter klipte vekk av distributøren, sidan vart ytterlegare 80-90 meter klipt vekk av Statens Filmkontroll.[8]

Rollebesetning

endre

Sjå og

endre

Litteratur

endre
  • Hughes, Howard (2009). Aim for the Heart. London: I.B. Tauris. ISBN 9781845119027. 
  • Munn, Michael (1992). Clint Eastwood: Hollywood's Loner. London: Robson Books. ISBN 086051790x Check |isbn= value: invalid character (hjelp). 

Kjelder

endre
  1. Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317 
  2. Dagbladet Film
  3. Aftenposten morgon – Guttedrømmene oppfyllast når helten ryddar opp (5.5.1969, s.4)
  4. Rotten Tomatoes
  5. Aftenposten morgon – God western (11.4.1967, s.8)
  6. sine-more CINERAMA (20.4.2005), arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 21. november 2012 
  7. IMDb Business
  8. Aftenposten aften – USA er bekymret for de økende voldstendenser i film (9.9.1967, s.7)

Bakgrunnsstoff

endre