Foramen magnum

oval opning i botnen av bakhovudbeinet

Foramen magnum (latin for «det store hol») er ei stor opning på 3—4 cm i bakhovudbeinet i hovudskallen hjå menneske.[1] Det er ein av fleire ovale og runde opningar, såkalla foramina, i basen av skallen. Ryggmergen, som er ei forlenging av den forlenga merg, går gjennom foramen magnum og ut av skallen.[1] Ut av foramen magnum kjem òg den djupe halsarterien, arteria spinalis anterior, a. spinalis posterior, membrana tectoria og ligamenta alaria. Den verkar òg som ein kanal for den spinale delen av n. accessorius som går inn i skallen.

Øvre overflate av skallebasis. Pila peikar på foramen magnum.

Andre dyr endre

Hjå menneske ligg foramen magnum noko lenger ned under hovudet enn hjå andre store aper. På grunn av dette treng ikkje nakkemusklane (inkludert m. occipitofrontalis) å vere like robuste for å halde hovudet opprett. Ved å sjå på posisjonen til foramen magnum i tidlege hominidar kan ein estimera kor komfortabel ein spesifikk art var då han gjekk på to bein (bipedalisme), samanlikna med fire bein (kvadrupedalisme).

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Holck, Per (13. februar 2009). «foramen magnum». Store medisinske leksikon. Henta 26. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.