Foramen mandibulae
Foramen mandibulae er ein foramen på den indre overflata av underkjevegreina, den bakovervendte og vinkelrett orienterte delen av underkjeven, der delar av underkjevenerva og nokre blodårer passerer.
Innhald
endreUnderkjevenerva er ein av tre utgreiningar frå trillingnerva (CN V), og den einaste greina med motorisk innervasjon.
Den eine greina, n. alveolaris inferior, saman med a. alveolaris inferior, passerer foramen mandibulae gjennom kroppen av mandibularkanalen før den går ut av foramen mentale på framsida av underkjeven, der nerva er kjent som n. mentalis.
Desse nervane gjev sensorisk innervasjon til dei nedre tennene, samt den nedre leppa og delar av huda i det nedre andletet.
Kantstruktur
endreDet finst to distinkte anatomiske former på kanten av foramen mandibulae:
- Den vanlegaste forma er V-forma med ei grop som delar dei fremre og bakre delane.
- Den andre forma er horisontal og oval, og manglar denne gropa. Kanten er horisontalt retta og oval, og den fremre og bakre delen er samankopla.
Fleire bilete
endre-
Den indre overflata av underkjeven sett frå sida. Foramen mandibulae er synleg til venstre.
-
Artikulasjonar i underkjeven
-
Foramen mandibulae
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mandibular foramen» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2015.