Forbruker-rapporten
Forbruker-rapporten har vore eit reklamefritt forbrukartidsskrift utgjeve av Forbrukarrådet. Bladet kom ut første gongen i 1958. Det har no blitt lagt ned, og kom såleis med det siste nummeret i februar 2010.[1]
Forbrukar-rapporten har innehalde allsidig forbrukarstoff. Her har vore fakta om varer og tenester, mellom anna med varetestar av forbrukarelektronikk, kvitevarer og anna. Den siste ansvarlege redaktøren var Jarle Oppedal.[2] Tidsskriftet var medlem av Den Norske Fagpresses Forening