Forbrukerrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som hjelper forbrukarane og påverkar styresmakter og næringsliv i ei forbrukarvennleg retning gjennom rettleiing av forbrukarar, forbrukarpolitikk og marknadsportalar. Rådet vart stifta i 1953 for å gi styresmaktene råd på vegne av forbrukarane. Forbrukerrådet gav tidlegare ut bladet Forbrukerrapporten. Bladet kom ut for første gong i 1958 og vart lagt ned vinteren 2010, etter 52 år i drift.

Forbrukarrådet
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.871033382
Skipa7. juli 1953
MorselskapBarne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://www.forbrukerradet.no/

Forbrukerrådet er statleg finansiert, men fristilt politisk frå overordna departement (Barne- og familiedepartementet), med særskilde fullmakter, eige styre og eigne vedtekter fastsette ved kongeleg resolusjon. Direktør i Forbrukerrådet er Inger Lise Blyverket. Forbrukerrådet sitt styre blir leia av Anne Kathrine Slungård.

Oppgåver

endre

Forbrukerrådet må ikkje bli forveksla med Forbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet). Medan Forbrukerrådet driv rådgjeving og politisk arbeid, fører Forbrukartilsynet tilsyn med marknadsføring og avtalevilkår, etter mellom anna marknadsføringslova. Frå 1. januar 2020 vart tvisteløysingsarbeidet flytta frå Forbrukerrådet til Forbrukartilsynet,[1] det same vart Forbrukar Europa.

Klagenemnder

endre

Forbrukerrådet er representert i ei rekke klagenemnder, slik som Finansklagenemnda, Boligtvistnemnda, Transportklagenemnda og Parkeringsklagenemnda.[2]

Forbrukarpolitikk

endre

Ei av Forbrukerrådet si oppgåver er å drive interessepolitisk arbeid mot styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande og å setje forbrukarspørsmål på dagsorden i samfunnsdebatten. I nokre tilfelle er ikkje regelverket godt nok, og då jobbar Forbrukerrådet politisk med å styrke det rettslege forbrukarvernet. I andre tilfelle går arbeidet ut på å påverka korleis konkurransesituasjon og marknader fungerer. Dei prioriterte politikkområda i strategiperioden 2021–2025 er skifta til eit berekraftig samfunn, digital utvikling og økonomisk sårbarheit.[3]

Samanlikningstenester

endre

Forbrukerrådet har verktøya finansportalen.no[4] og strømpris.no,[5] som har som mål å gi forbrukarane korrekt, oppdatert og samanliknebar informasjon om prisar på bustadlån, forsikringar, pensjon og straum. Dette ut frå eit syn om at pris- og kvalitetsbevisste forbrukarar bidrar til auka konkurranse, rette prisar og effektivitet i økonomien. Portalane skal gjere det vanskelegare å utnytte forbrukarane sin manglande kunnskap om marknaden.

Kjelder

endre
  1. «Forbrukertilsynet får ansvar for å behandle forbrukerklager», Regjeringen.no (på norsk) (Barne- familiedepartementet), 20. mars 2020, henta 30. november 2021 
  2. «Slik klager du», Forbrukerrådet (på norsk bokmål), henta 30. november 2021 
  3. «Forbrukerrådets strategi 2021-2025», Forbrukerrådet (på norsk bokmål), 27. desember 2020, henta 30. november 2021 
  4. https://www.finansportalen.no/
  5. https://www.strompris.no/

Bakgrunnsstoff

endre