Forbrukslån

lån uten å stille sikkerheit i eigendeler

Forbrukslån er eit lån som blir gjeve utan krav til finansiell tryggleik. Til skilnad frå lån med tryggleik, krev ikkje banken pant i låntaker sine eigedelar (til dømes bustadlån). Pengane frå eit forbrukslån kan disponerast fritt.

Om forbrukslån endre

Renta varierer i samsvar med lånesøkaren si betalingsevne og kva bank ein har valt. Prisskilnadene er store, med renter frå 6 prosent opp til mange tusen prosent for såkalla «mikrolån». Sistnemnde vert kjenneteikna av svært små beløp med kort nedbetalingstid. Alder, inntekt, skuldnader og generell økonomisk livssituasjon er blant faktorane som påverkar renta på eit forbrukslån. Dersom ein ikkje imøtekjem krava banken stiller eller ynskjer å betre rentene på forbrukslånet, er det mogleg å søke om forbrukslån med ein medlåntakar.[1]

I samsvar med Utlånsforskrifta[2] skal et forbrukslån betalast ned innen 5 år.

Forbrukslån i Noreg endre

Eit søk på Finansportalen (drifta av Forbrukerrådet) viste at det fanst meir enn 60 bankar med tilbod om forbrukslån i 2021.[3] Tal frå Noregs Bank viser ein kraftig vekst i forbrukslån.[4] Ved utgangen av 2016 hadde norske hushald ca. 3 prosent av gjelda si knytt til forbrukslån. Nye lån auka 15 prosent, som er det dobbelte av total kreditt ferda ut i marknaden (ca. 7 %). Frå 2019 har tendensen vore dalande, noko som truleg kan knytast til innføringa av gjeldsregistra i juli same år.

Rettar for låntakarar endre

Marknadsføring, tilbod og utferding av forbrukslån i Noreg vert i hovudsak dekt av dei same reglane som generelle finansielle tilbod. Angrerettslova fastsett løyvet til å kansellere avtalen fram til 2 veker etter gjeldsbrevet vart signert.[5] Det gjeld både for direkte sal og fjernsalg.[6]

Banken har plikt om å rå moglege låntakarar frå å ta opp lån dei ikkje trur dei har evne til å betene. Banken skal gje rådet i skriftleg form før lånet vert utbetalt. Bankar som ikkje overheld reglane om opplysningsplikt kan bli stilt økonomisk ansvarleg i ettertida. Låntakarar har òg løyve til at nedbetale gjelda tidlegare enn avtalt, utan økonomiske konsekvensar.

Kjelder endre

  1. Hva er forbrukslån? Enkel forklaring, henta 27. september 2021 
  2. «Forskrift om finansforetakenes utlånspraksis (utlånsforskriften) - Lovdata», lovdata.no, henta 27. september 2021 
  3. https://www.finansportalen.no/bank/forbrukslan/
  4. Marius Hagen, Lars-Tore Turtveit, Bjørn Helge Vatne (2017). «Sterk vekst i forbrukslån» (PDF) (på Norsk (bokmål)). Noregs sentralbank. 
  5. Forbrukslån.no. «Angrerett på forbrukslån og andre finansielle tjenester». 
  6. «Lov om opplysningsplikt og angrerett ved fjernsalg og salg utenom faste forretningslokaler (angrerettloven).».