Form i botanikk
Form viser innan botanikken ein rang som ligg under art. Hierarkisk står ho òg under underart og varietet.[1]
Form er tidlegare mest blitt nytta om særprega avvik innanfor ein art. Oftast skil forma seg ut gjennom ein einaste unik karakter. Det dreier seg ofte om blomefarge eller karakter på blad eller vekstform. Former har same geografiske utbreiing som arten elles. I praksis har ein sjeldan hatt bruk for rangen, og historisk har han ofte, feilaktig, blitt nytta på same måte som omgrepet kultivar. Form er blitt nytta meir sjeldan innanfor systematisk botanikk i nyare tid.
Form blir vanlegvis forkorta f., meir sjeldan fo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Form (biologi)» frå Wikipedia på svensk, den 2. april 2023.