Kultivar eller cultivar er ei dyrka form av ein plante som kan skiljast frå andre former gjennom morfologiske, fysiologiske, cytologiske, kjemiske eller andre sikre skiljemerke. Eigenskapane må vera stabile over tid slik at dei blir ivaterekne gjennom ei passande form for formeiring. Kultivarar får namn under International Code of Nomenclature for Cultivated Plants. Om ein plantetype får status som kultivar får han eit visst kultivarnamn, men omgrepet gjev ikkje juridisk vern. For jordbruksvekstar bruker ein ofte termen sort med same meining som kultivar.

Kultivar av spansk margeritt, Osteospermum 'Pink Whirls'.

Kultivarnavnet skal stå i enkle hermeteikn og skal ikkje skrivast med kursiv. Tidlegare blei kultivarnamn skrivne med kapitelar eller ein brukte forkortinga «cv.».

Kjelder endre

«cultivar» i Store norske leksikon, snl.no.