Form i matematikk

Form er eit omgrep som vert nytta innan forskjellige område av matematikken.

Geometri endre

Innan geometri vert to figurar sagt å ha same form når dei er formlike eller likedanna.

Algebra endre

I algebra er form eit omgrep nytta om eit homogent polynom med ei viss mengd variable. ax2 + bxy + cy2 er til dømes ei form av andre grad i to variable, eller kortare sagt ei binær kvadratisk form. Ei form vert sagt å vere lineær, kvadratisk, kubisk osv. etter gradtalet sitt, og binær, ternær osv. etter mengda variable i forma. Ei rekkje viktige matematiske problem er knytt til eigenskapane til forma. I talteorien undersøker ein eigenskapane ved dei heile tale som kan framstillast ved visse former.

Analyse endre

I matematisk analyse er form ei forkorting for differensialform.

Kjelder endre