Fornyrdislag (frå gammelislandsk fornyrðislag) er ein norrøn versefot. Det er ein variant av det felles gammalgermanske hovudversemålet.[1]

Versa er konstruerte slik at kvar tekstline inneheld to trykktunge stavingar. Talet ubetona stavingar varierer. Linene blir ofte bundne ihop ved hjelp av allitterasjon og stavrim. Vanlegvis blir kortlinene kopla saman to og to til langliner: Ein hovudstav i den andre lina bestemmer bokstavrimet, og forbokstaven på denne blir tekne opp att av (oftast) to støtter i lina før. Opphavleg har versefoten vore ustrofisk, men innan norrøn diktekunst vart han seinare vanlegvis ei åttelina strofe, ofte med to tydelege halvstrofer.

Ordet «fornyrdislag» tyder ordrett gammel versform eller historisk ordregel. Namnet vart framsett av Snorre i Den yngre Edda, men versefoten har røtene sine i eldre norrøn og germansk dikting.

Fornyrdislag er det vanlegaste versemålet i eddadiktinga, særleg i forteljande dikt. Det finst også i nokre runeinnskrifter.[1] Til motsats er ljodahått brukt i Håvamål og andre ikkje-forteljande dikt.

Døme (Voluspå vers 60, attdikta av Ivar Mortensson Egnund, med trykktung staving kursivert, allittererasjon i feit type)

Finnask æsir
á Iðavelli
ok um moldþinur
máttkan dœma
ok minnask þar
á megindóma
ok á Fimbultýs
fornar rúnar.
Hittast æser
Idavollen,
um leide lindorm
dei lenge talar,
legg seg på minne
lagnads-burdar
og Fimbul-tys
forne runer.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «fornyrdislag». Store norske leksikon (på norsk). 2. april 2019.