Snorre

mannsnamn

Snorre er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det har namnedag den 23. september.

Det norrøne Snorri var først brukt som eit tilnamn som tydde 'villstyring'. Frå 900-talet blei det brukt som personnamn på Island, og frå 1300-talet i Noreg. Namnet åleine er ofte blitt brukt om Snorre Sturlason og kongesogene hans.

I nyare tid blei namnet teke i bruk i Noreg rundt byrjinga av 1900-talet. Bruken steig gjennom hundreåret, og fekk ein topp rundt 2000. I 2009 var det 1 523 norske menn som heitte Snorre.

NamneberararEndra

Annan brukEndra

  • Snorrefeltet, eit petroleumsfelt nord i Nordsjøen
  • Eit mykje brukt viskelêr

KjelderEndra