Opna hovudmenyen
Foros Timis Ston Greco
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 1995
Innspelt 1995
Sjanger Klassisk musikk
Lengd 58:53
Selskap Warner Music
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
Voices
(1995)
Foros Timis Ston Greco Oceanic
(1996)


Foros Timis Ston Greco (Φόρος Τιμής Στον Γκρέκο er eit album av den greske musikaren Vangelis. Tittelen syner til at musikken var inspirert av målaren og bilethoggaren El Greco frå Kreta.

Albumet kom ut i 1995 i eit avgrensa opplag på berre 3000 eksemplar, og vart berre seld ved Nasjonalgalleriet i Aten i Hellas, for å samle inn pengar, slik at museet kunne kjøpe eit måleri av El Greco kalla «St. Peter». Plata kom i ei luksuriøs innpakning i ein mørkeblå fløyelsboks, og ei 128 sider lang bok om måleria til El Greco. Kvar CD var personleg signert av Vangelis og hadde eit unikt serienummer. Prisen for ei slik utgåve var 30 000 drakmer, eller kring 127 dollar i 1995.

Vangelis komponerte og arrangerte albumet, og spelte alle instrumenta, i lag med eit kor dirigert av Ivan Cassar. Musikken er i bysantinsk stil, men høyres likevel moderne ut på grunn av bruken av syntehsizerar. Sopranen Montserrat Caballé og tenoren Konstantinos Paliatsaras syng på kvar sin sats.

Bilete på omslaget er ein del av «Madonna og barn med St. Martina og St. Agnes» av El Greco[1]

Ei vanleg utgåve av albumet vart gjeve ut i 1998, med tre nye spor og ein ny tittel: El Greco.

InnhaldEndra

  1. Μέρος/Movement I
  2. Μέρος/Movement II
  3. Μέρος/Movement III
  4. Μέρος/Movement IV
  5. Μέρος/Movement V
  6. Μέρος/Movement VI
  7. Μέρος/Movement VII

Movements III og V var med på samleplata til Vangelis, Reprise 1990-1999 (2000).

KjelderEndra

  1. National Gallery of Art - http://www.nga.gov/fcgi-bin/tinfo_f?object=1165

BakgrunnsstoffEndra