El Greco av Vangelis

Må ikkje forvekalst med El Greco Original Motion Picture Soundtrack, eit album av Vangelis frå 2007.
El Greco
Studioalbum av Vangelis
Utgjeve 19. oktober 1998
Innspelt 1995, 1998
Sjanger Klassisk musikk
Lengd 72:36
Selskap EastWest/Atlantic (U.S.)
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Portraits (So Long Ago, So Clear)
(1996)
El Greco Reprise 1990-1999
(2000)


El Greco er eit studioalbum frå 1998 av den greske musikaren Vangelis med klassisk musikk. Tittelen refererer til den kretiske målaren og bilethoggaren som inspirerte til musikken, Δομήνικος Θεοτοκόπουλος (Dominikos Theotokópoulos, 1541–1614), betre kjend som El Greco.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Oversyn endre

Dette albumet er ei utviding av eit tidlegare album av Vangelis, Foros Timis Ston Greco. Dette albumet kom ut i 1995 i eit avgrensa opplag på berre 3000 signerte eksemplar, som ein berre kunne få gjennom Nasjonalgalleriet i Aten, som brukte inntektene frå salet til å få tak i eit El Greco-måleri til samlinga si kalla St. Peter. For denne generelle utgjevinga, vart rekkefølgja på spora omararngert og det vart lagt til tre nye spor. Tittelen på albumet vart òg endra.

Vangelis komponerte og arrangerte albumet, og spelte sjølv alle instrumenta, akkompagnert av eit kor dirigert av Ivan Cassar. Musikken er i bysantinsk stil, men høyres meir kontemporær ut på grunn av synthesizerane. Sopranen Montserrat Caballé og tenoren Konstantinos Paliatsaras gjester på kvar sin sats.

Albumet nådde 66. plassen på albumlista i Frankrike og 74. plassen i Tyskland.

Bilete på plateomslaget er «Riddaren med handa på brystet» av El Greco.[2]

Innhald endre

I parentes står tittelen på sporet hadde på Foros Timis Ston Greco.

Alle songar er skrivne av Vangelis.

Nr.TittelLengd
1.«Movement I» (Movement I)10:04
2.«Movement II» (Movement II)5:18
3.«Movement III» (nytt)6:48
4.«Movement IV» (Movement III)6:21
5.«Movement V» (nytt)4:30
6.«Movement VI» (Movement V)7:52
7.«Movement VII» (nytt)3:18
8.«Movement VIII» (Movement IV)9:43
9.«Movement IX» (Movement VI)12:00
10.«Movement X (Epilogue)» (Movement VII)6:21

Movement IV, V og VI vart gjeven ut på samleplata Reprise 1990-1999 (2000).

Medverkande endre

  • Montserrat Caballé – sopran
  • Konstantinos Paliatsaras – tenor
  • Philippe Colonna – lydteknikar
  • Rob Dickins – design
  • Fredrick Rousseau – lydteknikar
  • Vangelis – synthesizer, arrangement, produsent

Kjelder endre