Forradalen
Forradalen ligg i Stjørdal kommune. Dalen ligg nord for hovuddalføret Stjørdalen og er til dels parallell med dette. Forradalen er folkesett ei mil oppover. Elva Forra, som renn ut frå innsjøen Feren i Meråker, renn gjennom dalen og møter Stjørdalselva ved Hegra. Vegsamband gjennom dalen frå Hegra og oppover, og frå Vigdenes ei mil oppe i dalen over åsen til Flora i Stjørdalen.