Meråker kommune
Meråker (sørsamisk: Mearohke) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Jämtland län i Sverige.
Meråker kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Midtbygda | ||
Areal | 1 274 km² | ||
- land | 1 192 km² | ||
- vatn | 82 km² | ||
Folketal | 2 426 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Kjersti Kjenes (Lokale lister) | ||
Kommunenr. | 5034 | ||
![]() Meråker kommune | |||
Wikimedia Commons: Meråker | |||
Nettstad: www.meraker.kommune.no | |||
Meråker sentrum ligg 20 km frå Storlien og 48 km frå Trondheim lufthamn, Værnes. Meråker var opphavleg ein landbrukskommune, noko som òg går fram av namnet: merr og åker. Også gruvedrift har lange tradisjonar, noko gruvetralla i kommunevåpenet fortel om. Fleire stader rundt om finst det nedlagde kopargruver. Industri var og er viktig. Alt i 1898 vart det bygd ein karbidfabrikk i kommunen.
Samferdsel endre
Europaveg 14 (E14) frå Stjørdal til Sundsvall i Sverige går gjennom Meråker. Jarnvegen mellom Trondheim og Østersund går òg gjennom Meråker.
Historie endre
Kommunehistorie endre
Meråker vart oppretta som eigen kommune 1. januar 1874 da Øvre Stjørdal kommune vart delt i to: Hegra (i Stjørdal kommune) og Meråker. Meråker hadde ved opprettinga 1861 innbyggarar.
Meråker smelteverk endre
I 1898 vart det opna ein karbidfabrikk i Kopperå. Fabrikken vart seinare ombygd til eit silisiumsmelteverk. Hovudproduktet var microsilica som til dømes vert nytta som tilsettingsstoff i betong. Elkem Meråker er ikkje lenger i drift, etter at produksjon av microsilica vart lagt ned juni 2006.
Kjente meråkerbyggar endre
- Helge Ingstad (1899–2001), fangstmann, forfattar og arkeolog
- Magnar Lundemo (1938–1987), skiløpar
- Sveinung (1976), songar, komponist og multiinstrumentalist
- Frode Estil (1972), norsk langrennsløpar, opphavleg frå Lierne
- Vebjørn Selbekk (1969), redaktør for Magazinet
- Tora Berger (1981), norsk skiskyttar (eigentleg frå Lesja, men busett i Meråker)
- Petter Northug (1986), norsk langrennsløpar (eigentleg frå Mosvik, men busett i Meråker)