Forrest Towns
Forrest Grady Towns (6. februar 1914–9. april 1991) var ein hekkeløpar frå Georgia i USA.
Forrest Towns | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 6. februar 1914 Fitzgerald |
Død |
9. april 1991 (77 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 188 centimeter |
Forrest Towns på Commons |
Biografi
endreForrest Towns spelte amerikansk fotball i ungdommen, og fekk koma inn på University of Georgia med fotballstipend. Towns utvikla ei spesialisering innan hekkeløp, og han vann 60 hekkeløp på rad frå 1935 til 1937. Forrest Towns vart også den fyrste frå Georgia som fekk vera med på ein OL-tropp frå USA. Under sommar-OL 1936 i Berlin sette han ny verdsrekord på 110 meter hekkeløp med 14,1 sekund, og han vann olympisk gull på 14,2. Kort tid etter leikane, i Oslo, forbetra Towns sin eigen verdsrekord på 110 meter hekk til 13,7 sekund. Denne rekorden vart ståande til 1950.
Etter college-tida vart Forest Towns tilsett som friidrettstrenar ved University of Georgia og beheldt denne stillinga fram til 1975. Forrest Towns vart tildelt Bislett-medaljen i 1990 som ein av ni utøvarar med historiske resultat på Bislett stadion. I tillegg fekk han ein friidrettsbane ved universitetet i Georgia oppkalla etter seg.
Forrest Towns døydde i Athens i Georgia 9. april 1991.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Forrest Towns» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2012.