Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd.

Mottoet for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking. Under festivalen blir forsking i praksis demonstrert for ulike målgrupper. Festivalen blir halde kvart år i veke 38 og 39. 2012 er attande året på rad festivalen går av stabelen. I 2012 varar den frå 19. til 30. september. Dei aller fleste arrangementa er gratis og opne for alle.

Bidragsytarane er universitet, høgskolar, forskingsinstitutt, biblioteke, museum og næringsliv som ønskjer å formidle til eit breitt publikum. Det er registrert om lag 200 arrangørar totalt. Det nasjonale sekretariatet for festivalen er ein del av Kommunikasjonsavdelinga i Noregs forskingråd og legg tilrette, koordinerer og lagar blest rundt arrangementa ved alle einskildinstitutsjonane. I tillegg står sekretariatet for ein del nasjonale arrangement som f.eks. opningsarrangement og nasjonal finale i Forskar grand prix. Sekretariatet hadde i 2012 2,5 årsverk.

Årlege tema og slagord endre

Forskingsdagane er til for alle fag og alle forskingsfelt, men har sidan 2003 fokusert ekstra på eit overordnet tema kvart år. Tema blir bestemt av Forskingsrådets leiarmøte:[1]

  • 2003 – Helse: Kunsten å overleve
  • 2004 – Innovasjon og nyskaping: På sporet av framtida
  • 2005 – Fysikk og design: Umoglege moglegheiter
  • 2006 – Etikk: Med viten og vilje
  • 2007 – Polaråret: Tampen brenn
  • 2008 – Miljøvennlig energi: Gjennom ild og vatn
  • 2009 – Berekraft og evolusjon: Kunsten å overleve
  • 2010 – Forskingas verktøy: Vegen til viten
  • 2011 – Kjemi: Magisk og logisk
  • 2012 – Samfunn: Den menneskelege faktor
  • 2013 – Hav og vann: Eit hav av hemmelegheiter
  • 2014 – Kommunikasjon: Rom for store tankar
  • 2015 – Mat Svolten?
  • 2016 – Grenser Utan grenser
  • 2017 – Verdiar: Kva gjer noko verdfullt?
  • 2018 – Oppvekst: Verdas største eksperiment: Å vekse opp med internett
  • 2019 – Miljø: Kva gjer forskarane og kva kan vi gjere?
  • 2020 – Hjernen

Kjelder endre

  1. «Hjernen er tema for Forskningsdagene». Forskningsdagene.no (på norsk). Arkivert frå originalen 5. desember 2021. Henta 9. september 2020. 

Bakgrunnsstoff endre