Forsvarets heiderskross

Forsvarets heiderskross er ei norsk militær utmerking som vart innstifta kring mars 2012. Medaljen kan tildelast både nordmenn og utlendingar for «særleg framifrå verksemd i eller for Forsvaret». Utmerkinga rangerar som nummer 18 på lista over Norske dekorasjonar godkjend av H.M. Kongen; ho ligg etter Sivilforsvarets heiderskross, men før Forsvarsmedaljen med laurbærgrein.

Forsvarets heiderskross

Fyrste mottakar av utmerkinga var Gunnar «Kjakan» Sønsteby, som fekk utmerkinga i april 2012. Han fekk medaljen for sitt arbeid og si verksemd for Forsvaret. «Kjakan» døydde ein månad etter tildelinga.

BakgrunnsstoffEndra