Fortidsminneforeningen

(Omdirigert frå Fortidsminneforeninga)

Fortidsminneforeningen er eit norsk lag som arbeider for å ta vare på fortids- og kulturminne, særleg bygningar og bygningsmiljø. Laget eig og tek vare på fleire eigedommar rundt om i landet, mellom anna fleire kyrkjer og stavkyrkjer. Fortidsminneforeningen eig mellom anna Borgund stavkyrkje, Urnes stavkyrkje, Hopperstad stavkyrkje, Per Amundsagarden, Vøienvolden gard og Lysøen.

Fortidsminneforeningen

Hovudadministrasjonen i Fortidsminneforeningen held til i «Magistratgården», ein bygard frå 1647 i kvadraturen i Oslo.
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer970167994
Skipa16. desember 1844; 179 år sidan (1844-12-16)
HovudkontorMagistratgården i Oslo
Verkeområdekulturarv
MedlemmerCa. 7 000
Lokale ledd18 fylkesavdelingar
Nettstadhttps://fortidsminneforeningen.no/

Fortidsminneforeningen har rundt 8 000 medlemmer i 21 avdelingar og er medlem av Norges kulturvernforbund.

Foreininga deler ut Urnesmedaljen.

Historikk endre

 
Hopperstad stavkyrkje ved Vikøyri i Sogn og Fjordane blei kjøpt av Fortidsminneforeningen i 1880. Stavkyrkja blei restaurert frå 1885 til 1891.

Laget blei stifta i 1844 under namnet Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring av norske kunstnarar, etter initiativ av målaren Joachim Frich[1] og med støtte frå Johan Christian Dahl.[2]

På 1800-talet hadde norske kunstnara på studieturar i bygder og dalføre «oppdaga» den norske kulturarva. Under studiane sine i Tyskland hadde dei også knytta kontakt med personar og organisasjonar som arbeidde for bevaring av kulturminne. Målaren J.C. Dahl (1788–1857) var den første som tok til orde for å bevara dei gjenverande og rivingstruga stavkyrkjene, og han prøvde å vekka internasjonal forståing for dei gjennom utgjevinga av plansjeverket Denkmale einer sehr ausgebiltdeten Holzbaukunst aus den frühesten Jahrhunderten in den innern Landschaften Norwegens i 1836-37. Han føreslo også å restaurera Håkonshallen og Nidarosdomen. Tiden kring 1840 var ei økonomiske oppgangstid med gryande industrialisering. Dette førte til modernisering på mange felt, men også til radikale samfunnsendringar som truga gamle kulturformer. Samtidig oppstod nasjonalromantiske strøymingar som gav grobotn for tanken om å ta vare på tradisjonelle kulturytringar. Dahl var ikkje stifta av fortidsminneforeininga, men blei det første æresmedlemmet.[3]

Eigedommar endre

Foreninga eig og tek vare på meir enn 40 eigedommar rundt om i Noreg, mellom anna:

Kjelder endre

  1. Hagen, Anders; Solberg, Bergljot; Roede, Lars (28. oktober 2018). «Fortidsminneforeningen». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Vår historie», www.fortidsminneforeningen.no, arkivert frå originalen 24. august 2019, henta 24. august 2019 
  3. Myklebust, Dag: "Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Historien 1844 – 1994" I: Fortidsminneforeningens Årbok 1993, side 25

Bakgrunnsstoff endre

  • Offisiell nettstad  
  • Christie, Håkon mfl. Til felts mot forfall. Med målebånd og skissebok i Fortidsminneforeningens tjeneste. Oslo: Nasjonalgalleriet 1993
  • Myklebust, Dag: «Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Historien 1844 – 1994» I: Fortidsminneforeningens Årbok 1993.