Opna hovudmenyen
For idrettshallen på Lillehammer, sjå Håkons Hall.
Håkonshallen i Bergen.

Håkonshallen er ein steinhall frå mellomalderen, i Bergen. Håkonshallen vart først oppført under Håkon Håkonsson, som herska over Noreg frå 1217 til 1263. Første gongen ein veit at hallen vart brukt var under bryllaupet til kong Håkon sin son, Magnus, seinare kjent som Magnus Lagabøte, den 11. september 1261.

Hallen er bygd i gråstein med hjørnekvadrar og detaljar av kleberstein. Øvst hadde bygnngen ein stor gildehall der kongen sitt høgsete var på pallen ved den nordre tverrveggen. Ein kunne bu i mellometasjen, medan kjellaretasjen var brukt til lager.[1]

Håkonshallen, sidegavlen
Håkonshallen med Rosenkrantztårnet i bakgrunnen.

Bygningen forfall i løpet av mellomalderen. Kring 1530 sette lensherren Eske Bille kanonar på eit bolverk han fekk bygd oppå hallen.[1] Frå 1683 vart han brukt som kornmagasin.

J.C. Dahl «gjenoppdaga» bygget som kongehall. Foreningen til norske Fortidsmindesmerkers Bevaring fekk som si første større oppgåve å restaurera Håkonshallen. På oppdrag av J.C. Dahl fekk arkitekten Franz Wilhelm Schiertz utført oppmålingsteikningar av hallen. I 1873 byrja restaureringsarbeida under arkitekt Christian Christie. Arkitektane Peter Blix og Adolph Fischer fullførte restaureringa i åra 1880–1895. Trappegavlen vart tilbakeført på bakgrunn av det eldste bildet av bygningen, Scholeusstikket frå ca. 1580. Innvendig vart hallen utsmykka med fresker, biletvev og møblar etter teikningar av Gerhard Munthe.

Eksplosjonen på Vågen i 1944 førte til omfattande skader på Håkonshallen. Etter nye arkeologiske undersøkingar av arkitekten Gerhard Fischer vart hallen gjenoppbygd av Johan Lindstrøm, Claus Lindstrøm, Jon Lindstrøm og Peter Helland-Hansen i åra 1955–1961. Den innvendige utsmykkinga vart utført av Sigrun Berg, Synnøve Anker Aurdal og Ludvig Eikaas.[1]

I dag vert Håkonshallen administrert av Bymuseet i Bergen, som også administrerer Rosenkrantztårnet (rett attmed Håkonshallen), Gamle Bergen og Lepramuseet. Håkonshallen vert brukt ein del til konsertar, særleg korsong og kammermusikk.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Brochmann, Odd (11. september 2017). «Håkonshallen». Store norske leksikon (på norsk). 

BakgrunnsstoffEndra