Fossum Idrettsforening
Fossum Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande på Fossum, Grini, Østerås og Eiksmarka i Bærum kommune. Fossum IF vart stifta 7. desember 1918 og er aktivt med i fotball, orientering og i ulike skiidrettar; både alpine greiner, langrenn, skihopping og skiskyting. Tidlegare var Fossum også med i norsk toppnivå med ei friidrettsgruppe.
Idrettsutøvarar
endreVerdsmeister i skiskyting Tiril Eckhoff er Fossums mest kjende medlem. Også broren Stian Eckhoff og Ingrid Tandrevold har hevda seg i verdstoppen i skiskyting. Thorvald Strømstad var ein av Noregs beste langrennarar i mellomkrigsåra, sidan 1970-åra er det Berit Johannessen, Tore Bjonviken og Simen Østensen som har utmerkt seg i langrenn. I alpinløypa heldt Bente Aanjesen (noregsmeister i utfor 1966), Trygve Aanjesen, Line Cappelen og Øydis Skille (noregsmeister i storslalålm 1977) nasjonalt toppnivå i perioden 1963-78.
Spydkastaren Unn Thorvaldsen vart noregsmeister fleire gongar, og sprintaren Benedikte Indrebø representerte laget framifrå i åra kring 1990.