Fotogruppe 72
Fotogruppe 72 var eit fotografkollektiv som var aktivt i Oslo på første delen av 1970-talet. På sitt største omfatta Fotogruppe 72 30–40 fotografar. Gruppa hadde ein svart-kvitt-fotolab i Oslo.
Det som sameinte deltakarane var, i tillegg til det fotografiske, eit samfunnsengasjement prega av ein radikal ståstad og motstand mot norsk medlemskap i EEC (EF). I gruppa sine vedtekter gjekk ein inn for å «forsvare en politisk, progressiv fotografisk kultur i folkets tjeneste».[1]
Mykje idealisme og ein sterk kollektiv tankegang prega fotogruppa, og gjorde at mange av bileta berre vart kreditert med omgrepet «Fotogruppe 72» då dei vart publisert i tidsskrift og bøker, utan at namna til fotografen vart utgjevne. Blant dei mest sentrale fotografane var Svein Erik Dahl, Rune Lislerud [2] og Per-Anders Rosenkvist.
Fotogruppe 72 vart lagt ned i 1976, då nokre av dei mest aktive fotografane oppretta biletbyrået Samfoto og vidareførte mykje av aktiviteten der.
Bakgrunnsstoff
endre- Samfoto Arkivert 2012-01-20 ved Wayback Machine.
Referansar
endre- ↑ Heftige forspill og høye idealer i Fotogruppe '72, artikkel i Samfoto info, månedlig nyhetsbulletin for bildebyrået Samfoto, juni 1995.
- ↑ Omtale av Svein Erik Dahl og Rune Lislerud i boka 118 øyeblikk. Norske reportasjefotografier utvalgt og presentert av Tom Martinsen, Dinamo Forlag (2003) ISBN 82-8071-052-3