Fotokonduktivitet
Fotokonduktivitet er eit optisk og elektrisk fenomen der ein får ein auke i den elektriske konduktiviteten (leiingsevna) i eit stoff når dette vert utsett for lys, infraraud eller ultrafiolett stråling. Det vert nytta i fjernsynskamera, lysmålarar, infraraude detektorar og meir. Effekten vart påvist i grunnstoffet selen i 1873. Han er seinare påvist i mange andre stoff.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «fotokonduktivitet» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 28.02.2013.