Selen

grunnstoff med kjemisk symbol Se og atomnummer 34
34 ArsenSelenBrom
S

Se

Te
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Selen, Se, 34
Kjemisk serie Ikkje-metall
Gruppe, periode, blokk 16, 4, p
Tettleik, hardleik 4,81 kg/m3, 2,0 (ikkje SI)
Utsjånad Grått, metallglinsande
Selen
Atomeigenskapar
Atommasse 78,96 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 115 (103) pm
Kovalent radius 116 pm
Ioneradius 64; 184 pm (ladning: +4; −2)
van der Waals radius 190 pm
Elektronkonfigurasjon [Ar]
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 6
Oksidasjonstrinn (oksid) −2, +2, +4, +6 (sterk syre)
Krystallstruktur Heksagonal
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 494 K (221°C)
Kokepunkt 957,8 K (684,6°C)
Molart volum 16,42 cm3/mol
Fordampingsvarme 95,48 kJ/mol
Smeltevarme 6,694 kJ/mol
Damptrykk 0,695 Pa ved 494 K
Ljodfart 3350 m/s ved 20 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 2,55 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 25,363 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 10−10 MS/m
Termisk konduktivitet 0,519 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 941,0 kJ/mol
2045 kJ/mol
2973,7 kJ/mol
4144 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
72Se (kunstig) 8,4 døgn ε (?) 72As
74Se 0,87% (stabilt)
75Se (kunstig) 119,779 døgn ε (?) 75As
76Se 9,36% (stabilt)
77Se 7,63% (stabilt)
78Se 23,78% (stabilt)
79Se (kunstig) 1,13 mill. år β 0,151 79Br
80Se 49,61% (stabilt)
82Se 8,73% 1,08·1020 år 2·β 2,995 82Kr
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Selen er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Se og atomnummer 34. I periodesystemet er selen plassert i Gruppe 16.

Viktige sambindingar

endre

Vanlege oksidasjonstal for selen i sambindingar er 6, 4, 2 og -2. Selen dannar mellom anna fluorid, klorid, bromid, oksid og sulfid.

Bruk av selen

endre

Selen vert brukt i rustfritt stål.

Grunnstoffet kan brukast i glasproduksjon.

Biologisk rolle

endre

Selen er eit essensielt sporstoff.[1] Selen finst i den 21. aminosyra, selenocystein, som det finst ein kode for i den utvida genetiske koden.[2][3] Protein som inneheld selenocystein vert kalla selenoprotein, og frå pattedyr er det kjent 25 slike; alle sterkt konserverte.[2] Dei fleiste gena for selenoprotein vert uttrykte i skjoldkjertelen, og mengda selen er her i stor grad uavhengig av mengda selen innteken gjennom maten.[1]

Det er eit smalt område mellom for lite og mykje selen i kroppen; i for store mengder er selen giftig.[2]

Kjemiske sambindingar med selen kan vera giftige.[4]

Sjå også

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Schomburg, Lutz (2012). «Selenium, selenoproteins and the thyroid gland: Interactions in health and disease». Nature Reviews Endocrinology 8 (3): 160–171. PMID 22009156. doi:10.1038/nrendo.2011.174. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Chambers, Ian G.; Ratan, Rajiv R. (2024). «Selenium abandons selenoproteins to inhibit ferroptosis rapidly». Nature Metabolism 6 (2): 200–202. PMID 38351123. doi:10.1038/s42255-024-00980-6. 
  3. Ambrogelly, Alexandre; Palioura, Sotiria; Söll, Dieter (2007). «Natural expansion of the genetic code». Nature Chemical Biology 3 (1): 29–35. PMID 17173027. doi:10.1038/nchembio847. 
  4. «selenforbindelser» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 6. juli 2024.


Bakgrunnsstoff

endre