Frænfjorden er ein fjord i Hustadvika kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 12 km mot aust inn til Malmefjorden i botn av fjorden.

Utsikt mot Frænfjorden frå Lågheia ved Elnesvågen

Fjorden har innløp mellom Hamneneset i nord og Vågøya i sør. Like aust for Hamnenest ligg bygda Tornes og litt lenger inne ligg Elnesvågen på nordsida som er administrasjonssenteret i kommunen. Sør for Elnesvågen ligg ei rekkje småøyar midt i fjorden. Desse er Ålvaren, Nordøya, Langøya, Forøya, Svinøya, Bøyna, Lamholmen og Kjerringholmen. Søraust for Bøyna ligg innløpet til Malmefjorden, som strekkjer seg inn til bygda med same namn.

På nordsida av fjorden går riksveg 663 ut til Elnesvågen, medan riksveg 664 held fram utover fjorden til Tornes.