Opna hovudmenyen
For bygda med same namn, sjå tettstaden Malmefjorden

Over Malmefjorden med Røssholfjellet i bakgrunnen

Malmefjorden er ein fjordarm av Frænfjorden i Fræna kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 4 km mot søraust inn til Malmefjorden i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sommarnes i vest og Skotten i aust. Fjorden går først sørover, men svingar raskt austover ved Sandsbukta. På nordsida av fjorden ligg fjellet Skotten (368 moh.), medan Røssholfjellet (586 moh.) ligg på sørsida.

Fylkesveg 215 i Møre og Romsdal går langs heile sørsida av fjorden.