Frédéric Passy

fransk politikar og økonom

Frédéric Passy (fødd 20. mai 1822 i Paris, daud 12. juni 1912 i Neuilly-sur-Seine) var ein fransk økonom, politikar og humanist. Som «Fredens apostel» vart han i 1901 tildelt den fyrste Nobels fredspris saman med Henri Dunant.

Frédéric Passy

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. mai 1822
Paris
Død

12. juni 1912 (90 år)
Neuilly-sur-Seine

Yrke samfunnsøkonom, politikar, diplomat
Språk fransk
Medlem av Académie des sciences morales et politiques, Den interparlamentariske union, League of Peace and Freedom, Ligue internationale de la paix, Ligue Nationale contre l’Athéisme, Conférence Molé-Tocqueville
Ektefelle Marie Blanche Passy
Frédéric Passy på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Passy kom frå ein embetsfamilie, der onkelen Hippolyte var regjeringsmedlem i to forskjellige franske regjeringar. Han studerte fyrst jus, og seinare økonomi, og tok eksamen i 1857.

Økonom, politikar endre

Passy vart i 1863 tilbudt eit professorat i økonomi, men takka nei til å ta imot det fordi han forakta det franske keisardømet.[treng kjelde] Etter monarkiet i Frankrike fall vart han medlem av nasjonalforsamlinga, og 1881-89 av deputertkammeret, men vart ikkje gjenvald i 1889.[treng kjelde] Som parlamentsmedlem var Passy oppteken av utanrikspolitikk og internasjonal fredsmekling.[treng kjelde]

Passy var politisk sett liberal og prøvde å fjerna alle hinder for ein harmonisk varehandel.[treng kjelde] Tvister mellom arbeidsgjevarar og arbeidarar burde ein avgjera ved hjelp av mekling og voldgiftsdom, men endå viktigare var det at mekling og voldgift måtte erstatta krig som metode for å avgjera tvister mellom forskjellige folk.[treng kjelde] Han stifta i 1867 den fyrste internasjonale fredsorganisasjonen.[treng kjelde]

I 1877 vart han medlem av Académie des Sciences Morales et Politiques, eit akademi som på same måte som Det franske akademiet er ei avdeling av Institut de France. Han engasjerte seg i fleire politiske spørsmål, som utdanningsreformar og fred mellom Frankrike og Preussen.[treng kjelde]

Saman med briten Randal Cremer stifta Passy i 1889 Den interparlamentariske union, ein organisasjon som opprinneleg var ein medlemsorganisasjon for individuelle parlamentarikarar, men som i dag har nasjonalforsamlingar som medlemmer. Organisasjonen arbeida for fredsmekling.

Litteratur endre

  • Herbert Maza: Frédéric Passy: La Fondation de l'Union Interparlamentaire (1965)
  • Mélange économique, Paris, 1857.
  • De la propriété intéllectuelle, (medforfatter), Paris, 1859.
  • Leçons d'économie politique, Montpellier, 1861.
  • La Démocratie et l'instruction, Paris, 1864.
  • Les Machines et leur influence sur le développement de l'humanité, Paris, 1866.
  • Malthus et sa doctrine, 1868.
  • Histoire du travail : leçons faites aux soirées littéraires de la Sorbonne, Paris, 1873.
  • Pour la paix, Paris, 1909. "En fredsmeglers tilbakeblikk og selvbiografi"
  • Sophismes et truismes, Paris, 1910.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre