Franches-Montagnes
Franches-Montagnes er eitt av tre distrikt i kantonen Jura i Sveits. Distriktet hadde 9 945 innbyggarar i 2010, og dekker eit areal på 200 km². Franches-Montagnes, som ligg lengst sørvest i kantonen, grensar i nordvest mot Frankrike og i søraust mot kantonen Bern.
Franches-Montagnes | |||
District des Franches-Montagnes | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen Jura | ||
Hovudstad | Saignelégier | ||
Areal | 200,18 km² | ||
Folketal | 9 973 (2010) | ||
Kommunar | 13 | ||
Franches-Montagnes 47°15′00″N 6°59′00″E / 47.25°N 6.9833333333333°E | |||
Kart som viser Franches-Montagnes.
| |||
Wikimedia Commons: Franches-Montagnes (district) |
Franches-Montagnes omfattar 13 kommunar. Saignelégier, den mest folkerike kommunen og midt i distriktet, er hovudstad. Dei andre kommunane er La Chaux-des-Breuleux, Lajoux, Le Bémont, Le Noirmont, Les Bois, Les Breuleux, Les Enfers, Les Genevez, Montfaucon, Muriaux, Saint-Brais og Soubey.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Franches-Montagnes District» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2011.