Franchise, franchising (ein anglo-fransk ordkonstruksjon bygd på det franske ordet franc (fridom) i tydinga 'avgiftsfridom') er ein modell for avtalefesta forretningsmessig samarbeid som går ut på at den eine parten gjev den andre parten rett til å etablere si eiga verksemd innanfor ramane av eit samla forretningskonsept som den fyrste er eigaren av. På den eine sida i samarbeidsavtala står det såleis ein person eller eit selskap, kalla franchisor eller franchisegjevaren, som eig eller formidlar produkt, metodar for tenesteyting eller anna, som skal marknadsførast under deira eige varemerke. På den andre sida står den personen eller det selskapet som skal stå for salet av produkta eller tenesteytingane under det aktuelle varemerket på sin eller sine eigne geografiske stader i byen eller distriktet, kalla franchisee eller franchisetakaren.

Ordninga er særleg nytta for å etablere butikk- eller varehuskjedar, då franchisegjevaren kan knyte til seg ei mengd franchisetakarar kringom i byen og/eller i landet. Dei store daglegvarekjedane i Noreg er døme på flittig bruk av denne ordninga; kvart utsal er si eiga sjølvstendige verksemd drive av ein næringsdrivande med franchiseavtale med eigaren av varemerket, og sel dei produkta som vert kjøpt inn av han frå produsentane for å distribuerast til utsala. Fleire landsdekkjande distribusjonsselskap er døme på det same; lastebilane eller varebilane som er knytt til distributøren og har uniformert utsjåande i samsvar med dette, er eigde av folk som køyrar sin bil som ein sjølvstendig verksemd.

Franchisegjevaren har plikt til å syte for marknadsføring og overføre naudsynt kunnskap og anna støtte til franchisetakarane. Franchisetakarene må på si side betale avgift til franchisegjevaren og pliktar å framstå overfor publikum i samsvar med fastsette reglar når det gjeld utforminga av og fargevalet for forretningslokala, distribusjonsbilar, arbeidsuniformar og anna, og må som oftast selje produkta eller tenesta til prisar som franchisegjevaren fastset.