Opna hovudmenyen

Francis Lee

britisk fotballspelar

Francis Henry Lee (fødd 29. april 1944) er ein britisk engelsk tidlegare fotballspelar og seinare forretningsmann frå Westhoughton i Lancashire, som vart ligameister 1968, FA-cupvinnar 1969 og vinnar av cupvinnarcupen 1970 med Manchester City, samt ligameister 1975 med Derby County. I tida 1968-72 spelte han 27 landskampar for England.

Francis Lee
Franny Lee.jpg
Fødd 29. april 1944
Fødestad Westhoughton

FotballEndra

Etter nokre sesongar med Bolton Wanderers i 2. divisjon vart Lee i 1967 overført til Manchester City. I sin fyrste sesong med laget frå Manchester vart han ligameister og året etter den 26. april 1969 sigra laget hans 1-0 over Leicester City i FA-cupfinalen på Wembley stadion i London. Våren 1970 sikra Manchester City seg ligacupokalen med finalesiger 2-1 over West Bromwich etter ekstraomgangar, og den 29. april, på 26-årsdagen til Lee, sende han med eit straffespark laget sitt opp i leiing 2-0 i finalen i cupvinnarcupen mot Górnik Zabrze, ein kamp som enda 2-1. Sommaren 1974 signerte Lee for Derby County. Også med Derby vart han ligameister i sin fyrste sesong, og att på til toppskårar i ligaen. Han la opp i 1976.

Lee fekk sin debut på Englands landslag i desember 1968. Han deltok i tre kampar under VM i fotball 1970 i Mexico, utan å kom på skåringslista. Lee spelte sin 27. og siste landskamp på 28-årsdagen i 1972. Han skåra då Englands mål i EM-kvartfinalen mot Vest-Tyskland som enda med vesttysk triumf 3-1. I alt skåra Lee 10 landslagsmål.

ForretningEndra

Etter han la opp som idrettsutøvar bygde Francis Lee opp F.H. Lee Ltd, eit firma innafor toalettrull-næringa som gjorde han til mangemillionær.

KjelderEndra