Opna hovudmenyen
Brasiliansk frimerke frå 1970
Kart over deltakarlanda i fotball-VM 1970

Verdsmeisterskapen i fotball 1970 vart avvikla i Mexico i tida 31. mai til 21. juni 1970. Kampane fann stad på fem arenaer i like mange byar; Mexico-byen, Guadalajara, Leon, Toluca og Puebla. Brasil vart verdsmeister for tredje gong etter å ha vunne 4-1 over Italia finalen, og kunne ta med Jules Rimet-pokalen heime og behalde han. Vesttyske Gerd Müller vart toppskårar i turneringa med sine ti skåringar.

Turneringsformatet var det same som i dei tre føregåande VM-turneringane. Dei 16 deltakarlanda vart delt i fire innleiingsgrupper, og dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til kvartfinalane. Sovjetunionen, Italia, Brasil og Vest-Tyskland vart gruppevinnarar og fekk fylgje av vertslandet Mexico, Uruguay, England og Peru.

I kvartfinalane vann Brasil 4-2 over Peru og Italia med 4-1 over Mexico. Dei to andre kvartfinalane gjekk til ekstraomgangar før Uruguay og Vest-Tyskland var klar for semifinalespel, og Sovjetunionen og England var utslegne or turneringa.

Brasil tok seg til finalen med 3-1 over Uruguay. Den andre semifinalekampen vart ei høgst minneverdig affære; Italia tok tidleg leiinga 1-0 og heldt denne til ordinær tid var så godt som ute. Då dukka den vesttyske forsvarsspelaren Karl-Heinz Schnellinger opp og utlikna. I ekstraomgangane eksploderte kampen, Vest-Tyskland tok leiinga 2-1 før Italia snudde til 3-2. Deretter utlikna Vest-Tyskland på ny, før midtbanespelaren Gianni Rivera avgjorde til 4-3 i det 111. minutt.

GruppespeletEndra

Gruppe AEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Sovjetunionen 3 2 1 0 6–1 5 5
2   Mexico 3 2 1 0 5–0 5 5
3   Belgia 3 1 0 2 4–5 −1 2
4   El Salvador 3 0 0 3 0–9 −9 0

Gruppe BEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Italia 3 1 2 0 1–0 1 4
2   Uruguay 3 1 1 1 2–1 1 3
3   Sverige 3 1 1 1 2–2 0 3
4   Israel 3 0 2 1 1–3 −2 2

Gruppe CEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Brasil 3 3 0 0 8–3 5 6
2   England 3 2 0 1 2–1 1 4
3   Romania 3 1 0 2 4–5 −1 2
4   Tsjekkoslovakia 3 0 0 3 2–7 −5 0

Gruppe DEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Vest-Tyskland 3 3 0 0 10–4 6 6
2   Peru 3 2 0 1 7–5 2 4
3   Bulgaria 3 0 1 2 5–9 −4 1
4   Marokko 3 0 1 2 2–6 −4 1

FinalenEndra

 
Verdsmeistrane frå Brasil.Bak frå venstre: Carlos Alberto Torres, Brito, Piazza, Félix, Clodoaldo og Everaldo, framme frå venstre: Jairzinho, Gérson, Tostão, Pelé og Rivelino

Finalen fann stad 21. juni på Estadio Azteca i Mexico-byen framfor 107 192 tilskodarar. Brasil var det førande laget i kampen. Ved pause stod det 1-1 etter at Pelé sende Brasil i føringa og Roberto Boninsegna utlikna for Italia. Midtvegs i andre omgang gjekk Brasil opp i både 2-1 og 3-1, før den brasilianske lagkapteinen Carlos Alberto Torres gjorde eit raid frå sin forsvarposisjon og fastsette sluttresultatet til 4-1. Sigeren gjorde at Brasil, som det fyrste landet, tok sitt tredje napp i Jules Rimet-pokalen, som dermed var deira til odel og eige.

Brasil sitt vinnarlag bestod av Félix Miéli, Carlos Alberto Torres, Hércules Brito, Wilson Piazza, Everaldo Marques, Clodoaldo, Gérson de Oliveira, Jairzinho, Pelé, Tostão og Roberto Rivellino.

KjelderEndra