Francis Monkman (fødd 9. juni 1949) er ein engelsk musikar og komponist, som skipa både det progressive rockebandet Curved Air og fusionbandet Sky.

Francis Monkman
Fødd9. juni 1949 (71 år)
FødestadHampstead
FødenamnAnthony Francis Keigwin Monkman
OpphavHampstead, North London
AktivSidan 1960-åra
SjangerProgressiv rock, klassisk musikk
InstrumentKlaverinstrument, gitar
Tilknytte artistarCurved Air, Sky, 801, Al Stewart, Renaissance, The Shadows, Elton John.
Verka somLåtskrivar, musikar filmusikkomponist

BiografiEndra

Seint i 1960-åra skipa hans rockebandet Sisyphus, som utvikla seg til Curved Air. Han spelte på dei tre første albuma deira, og slutta etter Phantasmagoria (1972) og var ei kort stund attende for ein turné som førte til albumet Live (1975).

Han medverka til Renaissance-albumet Prologue (1972), arbeide med Al Stewart, mellom anna på Past, Present and Future (1973) og Lynsey de Paul på hennar Surprise og turnerte med The Shadows på deira 20 Golden Greats Tour (1977). I 1977 samarbeide han òg med Phil Manzanera og Brian Eno på prosjektet 801. I 1978 spelte han med Brian Bennett på albumet I.

I slutten av 1970-åra byrja han å spele inn musikk for fjernsyn.

I 1978 skipa han og gitaristen og komponisten John Williams det klassisk/rock-fusionbandet Sky, som han var med fram til 1980.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra