Renaissance er ei engelsk progressiv rockegruppe, mest kjend for den britiske hitten sin «Northern Lights» frå 1978 og progrockklassikarar som «Carpet of the Sun», «Mother Russia» og «Ashes Are Burning». Dei utvikla ein unik stil der dei kombinerte ein kvinneleg vokalist med ei blanding av klassisk musikk, folkemusikk, rock og jazz.[1] Dei karakteristiske elementa i stilen til Renaissance er den vide vokalrekkjevidda til Annie Haslam, mykje bruk av piano, orkesterarrangement, vokalharmoniar, akustisk gitar, bassgitar, synthesiser og allsidige trommer. Bandet fekk ein trufast fans nordaust i USA i 1970-åra.

Renaissance
Renaissance publicity shot RichardBarnes.jpg
Renaissance i 2012. Med klokka frå øvst til venstre: Jason Hart, David J. Keyes, Rave Tesar, Frank Pagano, Michael Dunford og Annie Haslam
OpphavLondon i Storbritannia
Aktiv
  • 1969–1987
  • 1998–2002
  • sidan 2009
SjangerProgressiv rock
Tilknytte artistar
Plateselskap

Den originale besetninga inkluderte to tidlegare medlemmar i The Yardbirds, Keith Relf og Jim McCarty, i tillegg til John Hawken, Louis Cennamo og syster til Relf, Jane Relf. Dei hadde planar om å «setje saman noko med meir klassisk påverknad».[2] Renaissance vart fødd og bandet gav ut eit studioalbum i 1969, og eitt til i 1971. John Tout erstatta så Hawken på klaverinstrument, etterfølgd av ein periode med mykje utskifting av personellet i bandet før den klassisk besetninga oppstod med Annie Haslam, John Tout, Michael Dunford, Jon Camp og Terry Sullivan, sjølv om ingen av dei var i det originale bandet. Tekstane til mange av songane deira vart skrivne av diktaren Betty Thatcher-Newsinger frå Cornwall. Frå 1972 til 1979 gav Renaissance ut sju suksessrike studioalbum, turnerte mykje og selde ut tre konsertar på rad i Carnegie Hall med Tony Cox som dirigent for New York Philharmonic.[3]

I 1980-åra gjekk det dårlegare med fleire besetningsendringar, og to relativt mislukka studioalbum. Dette førte til at bandet vart oppløyst i 1987. To forskjellige avleggjarar av Renaissance eksisterte samstundes i ei tid i midten av 1990-åra. Bandet kom saman att i 1998 for å spele inn Tuscany, som til slutt kom ut i 2001. Bandet vart derimot oppløyst att året etter.

I 2009 kom ei ny besetning av Renaissance saman att, leia av Haslam og Dunford, og sidan den gongen har bandet halde fram å spele inn musikk og turnere. Dunford døydde brått i november 2012. Seinare sa Haslam at bandet kom til å halde fram. Den noverande besetninga er ikkje så engelsk som i den tidlege perioden deira, med fem amerikanskfødde medlemmar og eitt engelskfødd medlem som bur i USA. I april 2014 gav Renaissance ut studioalbumet Symphony of Light.

Første besetninga (1969–70)Endra

The Yardbirds utvikla seg til The New Yardbirds (med Jimmy Page) i 1968 og så Led Zeppelin, skipa dei attverande medlemmane Keith Relf og Jim McCarty ein akustisk duo kalla Together.[4] Dei gav ut «Henry's Coming Home» med «Love Mum and Dad» på ein singel på Columbia Records i november 1968, som selde dårleg.[5]

I januar 1969 organiserte Relf og McCarty ei ny gruppe for å eksperimentere med rock, folk og klassisk musikk. I boka si Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock, siterte Will Romano McCarty:

« Mot slutten av The Yardbirds ønskte me å gjere noko meir poetisk, om du vil, noko som ikkje var så tungt. Noko meir folk-aktig. Me hadde fått nok av tung rock.[2] »

Denne kvintetten — Relf på gitar og vokal, McCarty på trommer og vokal, i tillegg til bassisten Louis Cennamo, pianisten John Hawken og Jane, syster til Relf som ekstra vokalist - gav ut eit par album på Elektra (USA) og Island (UK-ILPS 9114). Det første heitte berre Renaissance (1969), og var produsert av det tidlegare Yardbirds-medlemmet Paul Samwell-Smith.[6]

Bandet hadde byrja å spele i lag i mai 1969 før dei starta innspelinga av debutplata si, stort sett i Storbritannia, men stundom òg utanlands, som festivalar i Belgia (Amougies, oktober 1969) og Frankrike (Operation 666 på Olympia i januar 1970 og Le Bourget i mars 1970, begge i Paris). I februar 1970 la dei ut på ein nordamerikansk turné, men denne gjekk berre å vidt rundt. På grunn av fortida med Yardbirds fann dei seg ofte sett i saman med band som The Kinks og den nye retninga deira med klassisk musikk gjekk ikkje heim hos publikummet som venta seg meir rocka og bluesprega musikk.

Frå seinvåren 1970 byrja turneringa å slite på dei, og originalbandet vart gradvis oppløyst. Relf og McCarty valde å slutte å spele og Cennamo gjekk inn i musikkgruppa Colosseum.[2] Hawken organiserte ei ny besetning for å oppfylle kontrakten deira med Island Records og fullføre det andre albumet deira, Illusion (1971), som ikkje var blitt ferdig innspelt.

Overgang (1970–71)Endra

Utanom Jane Relf, bestod det nye bandet stort sett av medlemmar frå det førre bandet til Hawken, The Nashville Teens – gitaristen Michael Dunford, bassisten Neil Korner og songaren Terry Crowe, i tillegg til trommeslagaren Terry Slade.[7] Denne besetninga spelte inn eit spor, «Mr Pine» av Dunford, og spelte nokre konsertar sommaren 1970. Samstundes førte ei siste innspeling i lag den originale besetninga utanom Hawken, med Don Shin på klaverinstrument. Resultatet vart det siste sporet på albumet, «Past Orbits of Dust». Illusion var no ferdig og kom ut i Tyskland i 1971, men kom ikkje ut i Storbritannia før i 1976 (Island HELP 27). Albumet markerte byrjinga av eit langvarig samarbeid mellom Renaissance og diktaren Betty Thatcher-Newsinger, som skeiv tekst til to songar av Relf og McCarty.

Dei to attverande medlemmane slutta seint i 1970. Jane Relf vart erstatta av den amerikanske visesongaren Anne-Marie «Binky» Cullom, då John Hawken slutta for å bli med i Spooky Tooth og vart erstatta av pianisten John Tout.[7] Det er gjeve ut ein DVD, Kings & Queens i 2010, som syner denne besetninga spele fem songar på det tyske TV-showet Muzik-Kanal. Planen på denne tida var at Relf og McCarty skulle bli verande som ikkje-utøvande medlemmar - Relf som produsent og McCarty som låtskrivar. Begge var til stades då songaren Annie Haslam prøvesong for gruppa og fekk jobben i januar 1971[6] som erstattar for Cullom (som seinare gifta seg med trommeslagaren Terry Slade og trekte seg attende frå musikkindustrien). McCarty skreiv songar for det nye bandet, medan Relf hadde eit kortvarig engasjement med bandet. Dunford dukka snart opp som ein produktiv komponist og fortsette å skrive i lag med Thatcher, som skreiv dei fleste tekstane til bandet i 1970-åra.

Den andre utgåva (1971–80)Endra

Ein gong i 1971, valde den nye manageren Miles Copeland III å omorganisere bandet, og fokuserte på det han meinte var dei sterke sidene til Renaissance – røysta til Haslam og pianoet til Tout. Will Romano forklarte i Mountains Come Out of the Sky at «i motsetnad til mang artistar dei vart samanlikna med, let Renaissance pianoet og kvinnerøysta kome fram».[7] Fram til då hadde Haslam delt vokal med Terry Crowe, som i røynda hadde vore frontmann i bandet. Crowe og Korner kom inn. Førstnemnde erstatta ikkje nokon, medan sistnemnde erstatta ei rekkje bassistar, inkludert John Wetton (seinare i King Crimson, U.K. og Asia), Frank Farrell (seinare i Supertramp) og Danny McCulloch (tidlegare i The Animals og tidlegare bandkollega med Dunford og Crowe i The Plebs), før posisjonane kom til ro då Jon Camp kom inn i bandet. Dunford skulle no konsentrere seg om å komponerre musikk, og ein ny gitarist, Mick Parsons, vart henta inn for konsertane deira. I 1972, kort tid før innspelinga byrja av det første albumet med den nye besetninga, kom trommeslagaren Terence Sullivan inn etter dei meinte den opphavlege erstattaren til Slade, Ginger Dixon,[8] ikkje passa for ein europeisk turné. Parsosn omkom i ei bilulukke og vart erstatta av Rob Hendry.[9] Den endelege besetninga gjekk i studio etter å ha spelt berre eit dusin konsertar i lag.

Prologue kom ut seint i 1972 på EMI-Sovereign Records i Storbritannia og på Capitol-Sovereign i Nord-Amerika. Musikken på Prologue var, utanom to songar av McCarty, komponert av Dunford, med alle tekstar av Thatcher-Newsinger. Rockebaserte radiostasjonar (særskild i det nordaustlege USA og Cleveland) spelte mykje songen «Spare Some Love» i nokre månader etter albumet kom ut, og særskild fans av Yes og Emerson, Lake & Palmer, merka seg bandet. Francis Monkman, frå gruppa Curved Air (ei anna gruppe styrt av Copeland), var gjestemusikar på VCS3-synthesizer på det siste sporet, «Rajah Khan».[10]

Hendry vart erstatta for Prologue-turneen av Peter Finberg, men Finberg var alt oppteken av eit anna band, og kunne ikkje vere permanent erstattar.[9] Dermed spelte Camp det meste av gitaren på det neste albumet deira, Ashes are Burning, som kom ut i 1973. Sjølv om bandet prøvde å gå over til ein meir akustisk stil, vart Andy Powell frå gruppa Wishbone Ash (òg med Copeland som manager), henta inn for ein elektrisk gitarsolo på sistesporet «Ashes are Burning»,[9] som vart eit kjend stykke for bandet, strekt ut til nesten tjue minutt med ein lang bass-solo og instrumentale parti. Albumet gjekk inn på albumlista i USA, der det nådde 171. plassen på Billboard 200.[11] Kort tid etter albumet kom ut, kom Michael Dunford attende som (akustisk) gitarist, og fullførte det dei fleste tilhengjarane til bandet reknar som den klassiske femmannsbesetninga, som helt i lag dei neste fem studioalbuma. Bandet spelte dei første konsertane sine i USA i denne perioden,[9] og fekk særleg suksess på austkysten. I mai 1974 heldt dei ein konsert i lag med orkester i Academy of Music i New York City. Kort tid etter valde Renaissance å konsentrere seg om den amerikanske marknaden, sidan den britiske pressa i røynda ignorerte dei.

Ny platekontrakt på BTMEndra

Bandet forlet Sovereign Records og fekk kontrakt med den progrockbaserte stallen til Miles Copeland og selskapet BTM (British Talent Management). Den første utgjevinga til selskapet var Turn of the Cards i 1974. Med eit større budsjett gjekk albumet frå ein folkebasert stil til ein mørkare, fyldigare orkesterbasert rockestil. Ein av songane på albumet, «Things I Don't Understand», med ei lengd på 9:30, var siste songen Jim McCarty var medlåtskrivar på for gruppa. Ein lengre hyllest til Aleksandr Solzjenitsyn, kalla «Mother Russia», avslutta albumet, med tekst inspirert av den sjølvbiografiske romanen hans, One Day in the Life of Ivan Denisovich. Turn of the Cards kom ut i USA på Sire Records i august 1974, der det nådde 94. plassen på albumlista,[11] nokre månader før albumet offisielt kom ut i Storbritannia. Det låg inne på Billboard 200 i 21 veker. Sjølv om fanbasen til Renaissance var relativt liten, hadde dei mange fans i dei store byane nordaust i USA.

Albumet vart følgd opp av Scheherazade and Other Stories, som kom ut på begge sider av Atlanteren i september 1975. Andresida av albumet bestod av det episke tonediktet «Song of Scheherazade», basert på soger frå Tusen og ei natt. Albumet nådde 48. plassen i USA.[11] Det er ingen musikalske samanhengar mellom dette stykket og det meir kjende klassiske verket Scheherazade av Nikolai Rimsky-Korsakov»[12], men sporet har eit tilbakevendande motiv på seks notar som kan minne om dette verket.[13]

Eit dobbelt konsertalbum, Live at Carnegie Hall, kom ut i 1976. Trass i kritikk ove at albumet ikkje var stort anna enn ei gjenskaping av høgdepunkta frå albuma deira, note for note,[14] nådde albumet 55. plassen i USA.[11] Renaissance var det første britiske bandet som selde ut tre konsertar på rad i Carnegie Hall.[12] New York Philharmonic Orchestra var med dei på scenen. Under introduksjonen av «Ashes Are Burning» kalla Haslam det tittelsporet på det andre albumet deira, og ikkje det fjerde, noko som indikerte at dei rekna den Haslam-leia besetninga av bandet som eit anna band enn det Keith Relf styrte.

Live at Carnegie Hall vart følgd opp av Novella, som nådde 46. plassen i USA i 1977,[11] medan utgjevinga vart forseinka i Storbritannia på grunn av nok ei endring av plateselskap. Will Romano skildra i Mountains Come Out of the Sky bandet:

« Renaissance var på sitt mest populære, og heldt utselde konsertar ... i USA, særskild i det nordaustlege USA, i Pennsylvania og New York.[12] »

Britisk hitsingelEndra

Sjølv om Renaissance hadde lite suksess i heimlandet på denne tida, fekk dei ein hitsingel med «Northern Lights», som nådde tiandeplassen på singellista der sommaren 1978. Singelen kom frå albumet A Song for All Seasons (58. plassen i USA),[11] og vart mykje spelt på radio i USA på radiostasjonar fokusert på AOR, og det nye formatet kalla «softrock», som i dag vert kalla adult contemporary. Bandet heldt ein nokså suksessrik turné i det austlege USA i mai og juni 1979. I tillegg fekk bandet opptre på amerikansk fjernsyn, då dei spelte «Carpet of the Sun» i 1977 på The Midnight Special og 4. mai 1978 på Mike Douglas Show, der dei spelte «Northern Lights».

Renaissance sleit meir med Azure d'Or i 1979, sidan mange av fansen ikkje lite den nye, stort sett synthesizer-baserte stilen.[15] Fansen byrja derfor å miste interessa i bandet og albumet nådde berre 125. plassen på den amerikanske albumlista.[11] Dunford og Camp skreiv dei fleste av songane.

1980–1998Endra

Etter Azure d'Or-turneen, slutta Tout i gruppa av personlege årsaker, og vart raskt følgd av Sullivan. Dei neste albuma, Camera Camera (1981) og Time-Line (1983) tok Renaissance mot ein meir moderne synthpop- og new wave-stil, men ingen av dei selde særleg godt. Camera Camera var det siste albumet deira som gjekk inn på albumlista i USA, der det nådde 196. plassen seint i 1981.[11] I 1985 slutta Camp, og Haslam og Dunford leia ei akustisk utgåve av bandet og heldt stundom konsertar (den siste i Georgetown, DC, før bandet vart oppløyst i august 1987).

I 1988 gav Sire ut det doble samlealbumet Tales of 1001 Nights, som fokuserte på perioden 1972–79. I 1990-åra vart det meste av katalogen deira gjeve ut på CD. I 2006 gav Repertoire ut ommastra utgåver av Ashes are Burning, Turn of the Cards og Scheherezade and Other Stories.

I midten av 1990-åra skipa både Haslam (som hadde gjeve ut eit soloalbum i 1989) og Dunford (som hadde arbeidd med ein musikalidé basert på Scheherazade) sine eigne variantar av band kalla Renaissance og gjeve ut album med forskjellige besetningar.

Den tredje utgåvaEndra

Renaissance kom delvis saman att i 1998 med Haslam, Dunford og Sullivan, i tillegg til Tout og fleire nye musikarar, som Roy Wood og Mickey Simmonds. Dei spelte inn albumet Tuscany.[16] I 1999 heldt Haslam, Dunford og Simmonds ein konsert som trip i Astoria i London, som oppvarming for Caravan.

I mars 2001, etter ei forseinka utgjeving av Tuscany, vart det organisert ein turné med heile bandet, som bestod av Haslam, Dunford, Sullivan, Simmonds, Rave Tesar (klaverinstrument) og David J. Keyes (bass/vokal). Dei spelte ein konsert i London 9. mars og tre konsertar i Japan. Konserten i Tokyo vart innspelt og gjeve ut som In the Land of the Rising Sun: Live in Japan 2001.

Terry Sullivan spelte inn eit album kalla South of Winter i 2004, med ei studiogruppe han kalla Renaissant.[17] Musikken minna om Renaissance med tekstar av Thatcher-Newsinger og bidrag på klaver av John Tout.

Den 20. september 2008 stod John Tout på scenen i USA for første gongen på over 25 år, i lag med Annie Haslam og The Jann Klose Band på Sellersville Theatre 1894 i Sellersville i Pennsylvania. I 2009 fekk Tout eit hjarteinfarkt.

I 2009 la Renaissance ut på ein turné i høve 40-årsjubileet deira. Bandet vart kalla Renaissance 2009 med musikarar frå inkarnasjonen frå 2001, men ingen frå den klassiske besetninga utanom Haslam.[18]

I 2010 drog bandet på turné i Nord-Amerika og Japan og gav ut ein EP med tre songar og lansert ein offisiell nettstad. Renaissance var ein av hovudattraksjonane på North East Art Rock Festival, kalla NEARfest Apocalypse, den 23. juni 2012.

Betty Thatcher, som skreiv mange av tekstane til bandet, døydde 15. august 2011. Dunford døydde av hjerneblødning i heimen sin i Surrey i England, 20. november 2012.[19] Nokre veker seinare sa Haslam at bandet kom til å halde fram å spele konsertar,[20] trass i tapet av «rettleiaren hennar».[21] Ryche Chlanda tok over som gitarist på turneen deira i 2013,[22] og han vart sidan permanent bandmedlem, men var ikkje med på konsertane deira i 2015.

John Tout døydde av lungesvikt 1. mai 2015 i London.[23]

I april 2013 gav Renaissance ut albumet Grandine il Vento. Dette vart dedisert til Dunford. Albumet kom ut som Symphony of Light i april 2014 med tre bonusspor.

MedverkandeEndra

Noverande medlemmarr

  • Annie Haslamvokal, perkusjon (1971–1987, 1998–2002, sidan 2009)
  • Mark Lambert – gitar, korvokal (2015–present); bass (1985–1987)
  • Rave Tesar – klaverinstrument, piano (2001–2002, sidan 2009)
  • Geoffrey Langley – klaverinstrument, korvokal (sidan 2016)
  • John Arbo – bass, korvokal (sidan 2018)
  • Frank Pagano – trommer, perkusjon, korvokal (2009–2017, sidan 2018)

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

År Tittel Listeplassering Kommentar
UK[24] US[11] NL [25]
1969 Renaissance 60 10
1971 Illusion 1976 (Storbritannia)
1972 Prologue
1973 Ashes Are Burning 171
1974 Turn of the Cards 94 1975 (Storbritannia)
1975 Scheherazade and Other Stories 48
1977 Novella 46 1977 (januar in US, August in UK, as the band moved to the Warner Bros Music Group)
1978 A Song for All Seasons 35 58 UK:Silver
1979 Azure d'Or 73 125
1981 Camera Camera 196
1983 Time-Line 207
2001 Tuscany
2013 Grandine il vento Gjeve ut i 2014 som Symphony of Light med bonusspor

KonsertalbumEndra

År Tittel Listeplasseringar Kommentar
UK[24] US[11]
1976 Live at Carnegie Hall 55
2002 In the Land of the Rising Sun: Live in Japan 2001
2011 Renaissance Tour 2011 – Turn of the Cards and Scheherazade & Other Stories Live in Concert (DVD og dobbel-CD)
2016 Renaissance 2012 (innspelt 16. april 2015) – Renaissance Live at the Union Chapel (DVD og digital)
2018 A Symphonic Journey (innspelt 27. oktober 2017) – Live In Concert (DVD og dobbel CD)

SinglarEndra

StorbritanniaEndra

  • «Island» med «The Sea», Island WIP6079 Jan70
  • «Spare Some Love» med «Prologue», Sovereign SOV113 Jan72
  • «Back Home Once Again» med «The Captive Heart», Warner Bros K17012 Sep77
  • «Northern Lights» med «Opening Out», Warner Bros K17177. mai78 – UK nr. 10[24]
  • «The Winter Tree» med «Island of Avalon», Warner Bros K17353 Apr79
  • «Jekyll and Hyde» med «Forever Changing», Warner Bros K17407 Jun79
  • «Faeries (Living at the Bottom of the Garden)» med «Remember», Illegal ILS0025 Oct81
  • «Bonjour Swansong» med «Ukraine Ways», Illegal ILS0027 Feb82
  • «Richard IX» med «Flight», I.R.S. PFP1016 Jul83

USAEndra

  • «Prologue» med «Spare Some Love», 1972
  • «Carpet of the Sun» med «Bound for Infinity», 1973
  • «Mother Russia» (3'07 edit) med «I Think of You», 1974
  • «Carpet of the Sun» (live) med «Kiev» (live), 1976
  • «Midas Man» med «The Captive Heart», 1977
  • «Northern Lights» med «Opening Out», 1978
  • «Jekyll and Hyde» med «Forever Changing», 1979
  • «Bonjour Swansong» med «Remember», 1981

JapanEndra

  • «Spare Some Love» med «Prologue», 1972
  • «The Mystic and the Muse» 3 Song EP, 2010

Vest-TysklandEndra

  • «Faeries (Living at the Bottom of the Garden)» med «Bonjour Swansong»

Michael Dunford's RenaissanceEndra

Desse albuma var i røynda samarbeid mellom Dunford og songaren Stephanie Adlington.

  • The Other Woman, 1994 (opphavleg gjeve ut som av «Renaissance»)
  • Ocean Gypsy, 1997 (stort sett nye versjonar av tidlegare Renaissance-songar)
  • Trip to the Fair, 1998 (samlealbum)

Annie Haslam's RenaissanceEndra

I røynda eit soloalbum av Annie Haslam.

  • Blessing in Disguise, 1994.

RenaissantEndra

I røynda eit soloalbum av Terry Sullivan med tekstar av Betty Thatcher-Newsinger og klaverinstrument av John Tout.

  • South of Winter (2005)

IllusionEndra

Kort tid før han døydde i mai 1976, ønskte Keith Relf å samle saman det originale Renaissance. Sidan han ikkje kunne nytte namnet Renaissance , valde han bandnamnet «Now». Jim McCarty var ikkje involvert på dette tidspunktet.[26] Etter Relf døydde kalla dei fire attverande musikarane seg Illusion etter det andre albumet til Renaissance. Illusion gav ut to album for Island Records før dei vart oppløyst.

  • Out of the Mist (1977) produsert av Paul Samwell-Smith (original bassist i The Yardbirds)
  • Illusion (1978)
  • Enchanted Caress: Previously Unreleased Material (1990) produsert av Jim McCarty
  • Illusion: The Island Years (2003) samlealbum av Out of the Mist/Illusion med ekstra spor av Keith Relf

Renaissance-IllusionEndra

  • Through the Fire (2001) produsert av Jim McCarty

KjelderEndra

  1. Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 63. ISBN 978-0-615-17566-9
  2. 2,0 2,1 2,2 Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 130. ISBN 978-0-87930-991-6
  3. Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 233. ISBN 978-0-615-17566-9
  4. Brennan, Mark (1994). Turn of the Cards (CD album notes). Renaissance. Tyskland: Repertoire Records. ASIN B000000132. 
  5. Together biographyAllMusic. Henta 5. april 2020.
  6. 6,0 6,1 Elliott, Russell W. «The History of Renaissance». www.nlightsweb.com. Henta 5. april 2020. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 132. ISBN 978-0-87930-991-6
  8. «Jon Camp Interview 2012». Henta 25. mars 2020. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Dome, Malcolm (2019). Ashes Are Burning (Booklet). Renaissance. Cherry Red Records Ltd. s. 2–11. 
  10. Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 127. ISBN 978-0-615-17566-9
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 11,7 11,8 11,9 Whitburn, Joel (1996). Joel Whitburn's Top Pop Albums, 1955–1996 Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. p. 649. ISBN 0-89820-117-9
  12. 12,0 12,1 12,2 Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 133. ISBN 978-0-87930-991-6
  13. Notat frå samlealbumet Tales of 1001 Nights
  14. Marsh,Dave (1983). The new Rolling Stone record guide (1st. Ed.). New York: Random House/Rolling Stone Press p. 419. ISBN 0-394-72107-1
  15. Eder, Bruce Renaissance - Azure D'or (1979) album review at AllMusic. Henta 25. mars 2020.
  16. Eder, Bruce Renaissance - Tuscany (2001) album review at AllMusic.Henta 12. mai 2014.
  17. Renaissant - South of Winter (2004) at AllMusic. Henta 24. mai 2014.
  18. «Renaissance 2009 40th Anniversary Concert Tour». Henta 21. mars 2020. 
  19. Eder, Bruce Michael Dunford's Renaissance biography at AllMusic Henta 24. mars 2020.
  20. Hughes, Rob (April 2013) «I and Thou», PROG magazine Issue 35, p. 27
  21. Haslam, Annie (5 Desember 2012). «Annie Haslam: Artist». Facebook. Henta 5. april 2020. 
  22. Haslam, Annie (februar 2013), «Renaissance Announces New Guitarist», Renaissance website blog, henta 14. februar 2013 
  23. Giles, Jeff (6. mai 2015). «Renaissance Klaverspelar John Tout Dies». ultimateclassicrock.com. Greenwich: Townsquare Media. Henta 13. mai 2015. 
  24. 24,0 24,1 24,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 458. ISBN 1-904994-10-5. 
  25. «Dutch album charts – Renaissance (album)». dutchcharts.nl. Henta 25. mars 2020. 
  26. Live+Direct (CD album notes). Renaissance. Spiral. 29. april 2002. ASIN B00005YXMF. 

BakgrunnsstoffEndra