Francisco Antonio de Agurto
Francisco Antonio de Agurto y Salcedo, første marki av Gastañaga (1640–2. november 1702) var ein spansk adelsmann, statthaldar og guvernør av baskisk opphav. Han vart den første Marquis de Gastañaga i 1676 og var guvernør i Dei habsburgske Nederlanda mellom 1685 og 1692. Han leia dei spanske soldatane i slaget ved Fleurus i 1690 og klarte ikkje å forsvare Mons mot franskmennene. Han bygde eit nytt kongekapell, St. Josef, i Waterloo i 1687 i eit forsøk på å blidgjere hoffet, men vart kalla attende til Madrid då han mislukkast å forsvare Mons. Etter dette vart han statthaldar i Catalonia mellom 1694 og 1696, der han møtte den franske invasjonen under niårskrigen.
Francisco Antonio de Agurto | |||
| |||
Fødd | 1640 Vitoria-Gasteiz | ||
---|---|---|---|
Død | 2. november 1702 (61 år) | ||
Statsborgar av | Spania | ||
Yrke | militær | ||
Alle verv |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Francisco Antonio de Agurto, Marquis of Gastañaga» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2012.