Francisco Antonio de Agurto

Francisco Antonio de Agurto y Salcedo, første marki av Gastañaga (16402. november 1702) var ein spansk adelsmann, statthaldar og guvernør av baskisk opphav. Han vart den første Marquis de Gastañaga i 1676 og var guvernør i Dei habsburgske Nederlanda mellom 1685 og 1692. Han leia dei spanske soldatane i slaget ved Fleurus i 1690 og klarte ikkje å forsvare Mons mot franskmennene. Han bygde eit nytt kongekapell, St. Josef, i Waterloo i 1687 i eit forsøk på å blidgjere hoffet, men vart kalla attende til Madrid då han mislukkast å forsvare Mons. Etter dette vart han statthaldar i Catalonia mellom 1694 og 1696, der han møtte den franske invasjonen under niårskrigen.

Francisco Antonio de Agurto

Fødd1640
Vitoria-Gasteiz
Død2. november 1702 (61 år)
Statsborgar avSpania
Yrkemilitær
Alle verv
  • viceroy of Catalonia (1694–1696)
  • Governor of the Spanish Netherlands (1685–1692) Sjå dette på Wikidata

Kjelder

endre