Francium
grunnstoff med kjemisk symbol Fr og atomnummer 87
Francium er eit grunnstoff med atomnummer 87 og atommasse 223. Det er eit alkalimetall og det sjeldnaste grunnstoffet i naturen.
Francium er svært radioaktivt. Halveringstida til stoffet er berre nokre minuttar, noko som gjer det til det mest ustabile av dei 100 første grunnstoffa. Isotopen Fr-223 med levetid på 22 minutt er den mest stabile.
Førekomst
endreFrancium finst i små mengder saman med uran og thorium. Det reine grunnstoffet har aldri vorte isolert. Forskarar har rekna ut at jorda til ei kvar tid inneheld færre enn 20 franciumatom. Av di det finst so lite av det, veit me nesten ingenting om kva eigenskapar francium ville ha som eit fast stoff.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |