Uran
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Generelle eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Namn, kjemisk symbol, atomnummer |
Uran, U, 92 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kjemisk serie | Aktinid | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Gruppe, periode, blokk | 3, 7, f | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tettleik, hardleik | 19 050 kg/m3, 6 (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utsjånad | Sølvkvitt | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atomeigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atommasse | 238,0289 u (ikkje SI) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Atomradius (berekna) | 175 pm | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kovalent radius | (?) pm | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ioneradius | 117 pm (ladning: +3) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
van der Waals radius | 186 pm | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektronkonfigurasjon | [Rn]7s25f36d1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektron per energinivå | 2, 8, 18, 32, 21, 9, 2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oksidasjonstrinn (oksid) | +2, +3, +4, +5, +6 (svak base) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Krystallstruktur | Ortorombisk | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fysiske eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tilstandsform | Fast stoff | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Smeltepunkt | 1405 K (1132°C) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kokepunkt | 4091 K (3818°C) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Molart volum | 12,49 cm3/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fordampingsvarme | 477 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Smeltevarme | 15,48 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Damptrykk | (?) Pa ved K | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ljodfart | 3155 m/s ved 20 °C | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Diverse eigenskapar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektronegativitet | 1,38 (Paulings skala) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Spesifikk varmekapasitet | 120 J/(kg·K) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Elektrisk konduktivitet | 3,8 MS/m | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Termisk konduktivitet | 27,6 W/(m·K) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ioniseringspotensial | 597,6 kJ/mol 1420 kJ/mol | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mest stabile isotopar | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt |
Uran er eit radioaktivt, metallisk grunnstoff med atomsymbol U og atomnummer 92. Halveringstida er 4,5 milliardar år. Det høyrer til actinoida og f-blokka i periodesystemet.
Uran blir brukt som drivstoff i kjernekraftverk, og sprengstoff i atomvåpen. Utarma uran blir brukt i panserbrytande ammunisjon.
Historie
endreBruk
endreUran blir brukt som brennstoff i kjernereaktorar i kjernekraftverk (atomkraftverk). Varmen som oppstår ved fisjon av uran blir overført til eit kjølemedium (vatn, tungtvatn eller smelta natrium), som enten kan brukast direkte til å lage damp (kokevatnsreaktor) eller til å varme opp sekundært kjølevatn. I begge tilfella vert dampen nytta i ein dampturbin, som driv ein generator, som lagar elektrisk straum.
Uran blir òg brukt som sprengstoff i atomvåpen. Ei vanleg atombombe inneheld ei eller fleire subkritiske mengder uran som under detonasjonen vert samanføydd til ei kritisk mengde (d.e. at talet på partiklar som kjem frå ein fisjonsreaksjon og som har rett energi og skaper nye fisjonar, i gjennomsnitt er større enn 1), som då eksploderer spontant. Uran som skal brukast i atomvåpen må vera opprika uran, det vil seia at mengda av isotopen, 235U, er auka i forhold til den naturlege førekomsten.
I seinare år har somme produsentar av konvensjonelle våpen teke i bruk utarma uran i panserbrytande ammunisjon, av di uran er svært tett og tungt og kan bryta gjennom tjukt panser. Utarma uran inneheld i hovudsak den minst radioaktive isotopen 238U, men også små mengder av meir radioaktivt material. Bruken av utarma uran i konvensjonelle våpen er omstridd på grunn av den radioaktive forureininga som militært personell på begge sider – og naturen – blir utsett for.
Framstilling
endreViktige sambindingar
endre- Uranoksid (UO2 og U3O8)
Tryggleik
endreI tillegg til at uran er radioaktivt og dermed skadeleg, er uransambindingar kjemisk giftige. Dei kan særleg skada lever og nyrer.
Sjå også
endreBakgrunnsstoff
endre- Uran Arkivert 2005-02-07 ved Wayback Machine.