Frankie Poullain
Francis Gilles Poullain-Patterson (fødd 15. april 1967), betre kjend som Frankie Poullain, er bassist for rockebandet The Darkness, og var det einaste originale medlemmet i bandet som ikkje var frå Lowestoft-området.
Frankie Poullain | |||
Poullain på scenen med The Darkness i oktober 2012 | |||
Fødd | 15. april 1967 (57 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh | ||
Fødenamn | Francis Gilles Poullain-Patterson | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | sidan 2000 | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Bass, gitar | ||
Tilknytte artistar | The Darkness | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Poullain slutta i bandet 23. mai 2005 på grunn av «musikalske skilnader».[1] Han vart erstatta av Richie Edwards, ein tidlegare gitarteknikar for bandet.[2]
Då The Darkness kom saman att i 2011 var det med alle dei fire originale medlemmane, inkludert Poullain.
Han er stebroren til komikaren Phil Kay.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frankie Poullain» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Poullain Quits The Darkness». Contactmusic.com. 23. mai 2005. Henta 11. februar 2011.
- ↑ «The Darkness replace Poullain». Contactmusic.com. 15. juni 2005. Henta 11. februar 2011.