Fransiskanarklosteret i Tønsberg

Gråbrødreklosteret var eit fransiskanarkloster i Tønsberg. Det vart truleg oppretta i 1240-åra, medan Håkon Håkonsson var konge. Klosteret stod fram til det vart øydelagt i bybrannen i 1536. Deretter vart murane nytta til steinbrot, og dei skal ha vore borte i 1551.

Fransiskanarordenen oppstod som disiplar av den heilage Frans av Assisi. Måleri av El Greco.

Klosteret vart grunnlagt etter ein donasjon frå kong Håkon Håkonsson sonen hans, den seinare kongen Magnus Lagabøte. Klosterkyrkja vart etter kort tid flytta til premonstratensarklosteret i Dragsmark i Båhuslen.[1] Det er usikkert om det var sjølve kyrkjebygget som vart flytta, eller om det var privilegium knytt til kyrkja som vart overført. Klosteret hadde likevel ei kyrkje vigd til Sankta Katarina i 1277.[1]

Munkane endre

Munkane vart kalla gråbrør, minorittar eller barfotbrør, og tilhøyrde fransiskanarordenen. Dei var altså etterfølgjarar av Frans av Assisi. Munkane var kledd i grått, og vart derfor kalla gråbrør. Som alle klosterordenar måtte dei avleggja fattigdomslovnad, men det vart strengare fortolka enn av nokon annan orden. ingen av medlemmane kunne ha personleg eigedom, og måtte tena til opphaldet til livet ved eige arbeid eller ved å tigga. Dei fekk difor nemninga «tiggarmunkar».[2]

Gråbrørne hadde som ei av dei viktigaste oppgåvene sine å ta seg av fattige og sjuke. Til klosteret låg ein kyrkjegard, og det er rimeleg å tru at ein del av fattigfolket i byen vart gravlagt her.

Sættargjerden endre

Ei viktig rikspolitisk hending i mellomalderen fann stad her, den såkalla Sættargjerden i Tunsberg i 1277. Dette var ei avtale mellom kongemakta og kyrkja om grensene for styresmakta til dei to institusjonane. Mellom anna godtok kongen å gje kyrkja domsrett i kyrkjelege saker, medan erkebiskopen godtok at kyrkja ikkje skulle blanda seg inn i kongeval. Dokumentet vart skrive ned av munkane i Fransiskanarklosteret.[3]

Slutten endre

Mot slutten av mellomalderen selde klosteret unna dei fleste av eigedomane sine, slik at det i 1536 berre var to igjen. I 1551 heiter det at klosteret «er bleffuen affbrott». Sannsynlegvis er det vorte ramma av den store bybrannen 15 år tidlegare.[4]

Funn endre

Ein kjenner til kvar klosteret var plassert. Det låg i kvartalet som i dag er avgrensa av Torvgata, Graabrødregaten, Tjømegaten og Øvre Langgate.[5] I 1983 vart det funne restar av murar i området, og det er gjennom tida funne graver og enkeltgjenstander frå mellomalderen. På bakgrunn av dette peikar det seg ut eit område på ca. 45 x 45 m som truleg gøymer restane av klosteret. Dersom det var utforma slik det er vanleg blant fransiskanerne, har kyrkja danna nordsida av dette kvadratet.

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Eriksson 1992, s. 48
  2. «Fransiskanerordenen», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 8. september 2016 
  3. «Unikt mellomalderdokument tilbake i Tønsberg», Aftenposten 14. mai 2014
  4. Eriksson 1983, s. 5
  5. Eriksson 1983, s. 4

Litteratur endre

  • Eriksson, Anna-Lena (1983): «Fransiskanerklosteret i Tønsberg-et aktualisert middelalderanlegg». Artikkel i Vestfoldminne 1983. Vestfold historielag.
  • Eriksson, Jan E.G. (1992): Rusletur i gamle Tønsberg-en guide for vandrere. Stiftelsen gamle Tønsberg.

Bakgrunnsstoff endre